Idar Ulstein har gått bort

Publisert: 30.04.2012


Idar Ulstein, mangeårig konsernsjef og styreleiar i Ulstein, døydde søndag kveld, 78 år gamal. Det er ein stor industribyggar og sentral samfunnsaktør med stort samfunnsengasjement som har gått bort.

Idar Ulstein kom inn i Ulstein allereie som 14-åring i 1948, då faren døydde. Etter avslutta sivilingeniøreksamen i 1962 tok han til som teiknesjef. Bedrifta var i vekst, og då Molde Verft vart kjøpt i 1964, vart Idar disponent for dei nye selskapa. I 1974 etter fusjonen med Hatlø mek Verksted vart han adm dir for Ulstein Hatlø. I 1985 vart Ulstein Holding stifta, og Idar vart konsernsjef. Dette var han fram til 2007, då han gjekk av som konsernsjef og vart styreleiar. Han var styreleiar fram til sommaren 2011.

Idar utvikla ei relativt lita bedrift til eit stort internasjonalt konsern, som på slutten av 1990-talet hadde 4500 tilsette i meir enn 30 land. Bedrifta som starta med innsetting av motorar og reparasjon av fiskebåtar, utvikla etter kvart eigne skipsdesign med stor suksess. Skipsutstyr og utstyrspakkar vart også ein viktig del av verksemda. Bedrifta gjekk på børs i 1997, og heile verksemda med unntak av skipsbygging, vart kjøpt opp av Vickers og seinare Rolls-Royce i 1999. Idar gjekk inn som styreleiar i det nye Ulstein, og to av borna vart leiarar. Bedrifta sysselset i dag om lag 800 tilsette i fleire land, og har aktivitet innan skipsbygging, design og løysingar, kraft- og kontrollsystem og shipping.

Idar Ulstein har igjennom åra motteke ei rekkje prisar for sitt engasjement og arbeid. Han blei mellom anna utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1994 og har fått både Farmand-prisen og Eksportprisen. I 2010 fekk han også utnemninga «Lifetime Achievement Award» for sitt engasjement og mangeårige innsats for maritim industri.

Idar hadde kreft, og døydde fredeleg med familien rundt seg. Han etterlet seg kone, fem vaksne barn og ni barnebarn.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com