Med Vikingskip over Atlanterhavet til USA

Publisert: 25.04.2016


Verdas største vikingskip som er blitt laga og tatt i bruk i moderne tid, legg i desse dagar ut frå Haugesund med kurs for Island, Grønland, Canada og USA.

Av Thomas Førde

Dermed skal det nybygde vikingskipet leggja ut på den same krevjande og dristige ferda som vikingane med Leiv Eriksson i spissen gjorde for om lag tusen år sidan. Den gongen klarte dei å kryssa Nord-Atlanteren og kom til Grønland og New Foundland i Canada, eller til Vinland som det blei kalla den gongen.  

Eit mål med turen er at vikingsskipet, som har fått namnet “Draken Harald Haarfagre” skal delta i den store mønstringa på andre sida av Atlanterhavet, Tall Ships Challenge Great Lakes 2016. Dette arrangementet skjer mellom 1. juli og 25. august.

Mest farefullt ved Grønland

– Sjølv om dette er ei flott seglskute, kan ingen nøyaktig spå korleis det vil gå med dei vertilhøva me vil oppleva langs ruta. Mannskapet vil bli sett på prøve og vil møta verkelg tøffe  utfordringar, seier skipets kaptein, Bjørn Ahlander, i følgje ei pressemelding som er sendt ut av prosjektleiinga.  

Vikingsskipet ligg i Haugesund og ventar på høveleg ver og vind før mannskapet  set segl i retning Island.

Kapteinen seier vidare at det er vanskeleg å seia kva strekning på den lange ferda som vil bli tøffast å passera. – Men det området me skal ha størst respekt for er i nærleiken av Cape Farewell, utanfor kysten av Grønland. Dette er mellom dei mest farefulle farvatn i verda med sterke vindar og mange isfjell, seier vikingskipets kaptein.  

I helga blei eit særs forseggjort drakehovudet av tre, plassert i framstavnen til skipet, avduka på høgtideleg vis. Drakehovudet skal gi lukke med på ferda ifølgje vikingtradisjonen.

Eldgamle handverkstradisjonar

 “Draken Harald Haarfagre” er bygd etter eldgamle handverkar- og skipsbyggingstradisjonar. Skipet skal vera ei gjenskaping av det som vikingane ville ha kalla eit storskip. Under bygginga blei det trekt vekslar på arkeologisk kunnskap frå ulike funn, båtbyggjartradisjonar frå ulike stader og miljø i Norden og frå sagalitteraturen.

Nye utfordringar

Skipet blei bygd i ein verkstadhall på Vibrandsøy i Haugesund og sjøsett i juni 2012. Sidan har skipet blitt testa grundig og vore på fleire tokt langs Norskekysten og i Nordsjøen.

Då skipet skulle få si godkjenning av Sjøfartsdirektoratet dukka det opp visse utfordringar. Det fanst inga særskilt skipsklasse som heiter vikingskip.  Skipet blei til slutt klassa som lasteskip med visse tilpassingar som vikingskip.

Det er den særs historieinteresserte forretningsmannen Sigurd Aase frå Haugesund som står bak prosjektet. Aase skriv i ei pressemelding i høve avreise for vikingskipet at målet er å utforska verda samtidig som ein omfamnar vikingane sitt pågangsmot og innstilling til å sjå framom horisonten og søkja eventyr og inspirera folk til å ta nye utfordringar.

4000 ville bli med

Om lag 4000 personar meldte seg til å bli med som mannskap på ferda. 32 kvinner og menn blei til slutt plukka ut frå ulike land som, Norge, Sverige, USA, Canada, Estland, Russland, Spania, Frankrike og frå Storbritannia. Mannskapet blir fordelt på to ulike skift.

– Arbeidet om bord blir tungt, vått og kaldt. Det vil difor krevja sterk psyke og god mental helse hos mannskapet, sier kaptein Ahlander. Han legg til at mannskapet vil ikkje få noko privatliv om bord og at dei vil oppleva regn og kulde med berre korte avbrekk med søvn og kvile.

Det er lagt vinn på at alt sikringsutstyr for mannskapet om bord skal vera tipp topp, mellom anna med overlevingsdrakt og nødpeilesendar til kvar einskild. Det siste innan moderne navigasjonsutstyr skal dessutan vera om bord.

Fakta om skipet:

Skipstype: Ope og klinkerbygd vikingskip.

Skrog: Laga av eiketømmer

Mast: Laga av douglas gran og er 24 meter høg.

Rigg: Hamp

Segl: Silke og måler 260 kvadratmeter

Lengde: 35 meter.

Bredde: 8 meter.

Reiserute:

24. april: Avreise frå Haugesund

3. mai: Reykjavik på Island

16. mai: Quqortoq, Greenland

1. june: St Antony, Newfoundland, Canada

15. june: Quebec City, Quebec, Canada

1. - 3. juli: Toronto, Ontario, Canada

8. juli: Fairport Harbor, Ohio, USA

14. juli: Bay City, Michigan, USA

27. juli: Chicago, Illinois, USA

5. august: Green Bay, Wisconsin, USA

18. august: Duluth, Minnesota, USA

September: Oswego, NY Canals, New York, USA

15. september: New York City, New York, USA

Oktober: Mystic Seaport, Connecticut, USA

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler