Nyheter
Prisar til Rolls-Royce, Farstad og Østensjø
                                            Publisert: 20.02.2013
                                        
                                    Under ein seremoni i London i går kveld vart Rolls-Royce tildelt prisen «Årets innovasjon» for nyvinninga «Dual Draglink Crane» – ei hivkompensert parallellstagskran utvikla av Rolls-Royce i Brattvåg i samarbeid med Huse Engineering. Det er bransjebladet Offshore Support Journal som står for utdelinga.
Den prisvinnande krana har stor lastehøgde og ei rekkevidde på heile 16 meter når den faldar seg ut, noko som gjer at den kan plukke opp last langt inn på kaia når den ligg i hamn. Sidan krana er montert på cargorailen, når den også heile lastedekket. I tida framover skal krana testast for aktiv hivkompensering ved bruk av fibertau.
Også Farstad Shipping kunne ta med seg pris og gode ord heim i går kveld, då fartøyet «Far Solitaire» vart kåra til «Årets forsyningsskip». Hausten 2012 vart same båten kåra til «Årets skip» av bladet Skipsrevyen. «Far Solitaire» vart bygd ved STX Langsten og er designa og utstyrt av Rolls-Royce. «Far Solitaire» er også det første fartøyet med den innovative parallellstagskrana installert om bord. Se video av krana her.
Dei resterande utmerkingane gjekk til:
- «Årets skipseigar»: EMAS/Ezra i Singapore.
- «Miljøprisen»: Rederiet Østensjø for PSVen «Edda Ferd» som er under bygging i Spania.
- «Offshore fornybar energi»: Danske A2SEA for vindmølleoppjekkbarinstallasjonsfartøyet (windmill installation jack-up vessel) «Sea Installer».
- «Livsgjerningsprisen»: K C Lee, grunnleggar av Ezra i Singapore.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vant for andre året på rad17.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            Seaonics vinner prestisjetung pris i London05.02.2025
- 
                                                            To internasjonale priser til Vard09.02.2024
- 
                                                            Internasjonal pris til Vard21.06.2023
- 
                                                            Medstraum Ship of The Year06.09.2022
- 
                                                            Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift02.06.2021
- 
                                                            NIS-skip kåret til Tanker Ship of the Year27.11.2019
- 
                                                            Det lysner i offshoremarkedet08.02.2017
- 
                                                            Heder og utmerkelse til Roy Reite20.12.2016
- 
                                                            Opplæringspris til Island Offshore02.02.2016
- 
                                                            Juanita kåret til Årets skip20.02.2015
- 
                                                            Miljøpris til Havyard og Fafnir19.02.2015
- 
                                                            Huisman vant pris i London19.02.2015
- 
                                                            Pris for kran til MacGregor03.03.2014
- 
                                                            Sikkerhetspris til Norsafe20.06.2013
- 
                                                            Island Wellserver årets skip 200824.09.2008
