Suksess for Island Constructor

Publisert: 21.10.2015
base-211015.jpg
Bilde av subsea guide base som vert senka i havet. Denne vert sett på havbotnen, og kveilerøret vert mata gjennom denne. Ved hjelp av ROV vert denne justert hydraulisk slik at ho står i vater, og boreholet vert heilt beint. Foto: Island Offshore


Island Offshore skapte nyleg historie då dei bora eit pilothol for Centrica Energy ved hjelp av kveilerørsteknologi. Denne metoden har ikkje blitt brukt i offshore industrien før, og viser seg å vere eit sikrare og billegare alternativ til tradisjonell boring med rigg, går det fram av ei pressemelding.

Pilothol blir bora for å avdekkje om det er grunn gass i formasjonane før ein startar boring av sjølve produksjonsbrønnane; denne gongen på BUTCH PL 405-feltet, nord for Ekofisk. Grunn gass er skjulte gasslommer som i verste fall kan føre til utblåsing i ei tidleg borefase. Oppdraget til det dynamisk posisjonerte fartøyet Island Constructor gjekk dermed ut på å bore eit pilothol ned til 360 meter under havbotnsnivå, sjekke for gass, for så å plugge holet med sement.

– Å nytte ein rigg til pilotholsboring ville vere mykje meir kostbart enn å nytte ei flytande innretning som Island Constructor. Skulle ein treffe på gass, og holet må pluggast ville det innebere store kostnadar å flytte riggen til ny lokasjon for eventuelt nytt pilothol. Samtidig inneber det også ein viss risiko då ein rigg brukar lengre tid på å kome seg vekk enn eit fartøy, skulle ei grunn gass- utblåsing , seier prosjektleiar i Island Offshore, Anders Olsen.

Ved «open sjø»-kveilerørsboring nyttar ein ikkje stigerør (riser), men kveilerøret vert heldt i spenn mellom fartøy og subsea injektor ved hjelp av ein eigen injektor installert om bord. Sjølve røret roterar ikkje, men ein nyttar væske under trykk i kveilerøret for å aktivere en hydraulisk motor som gjer slik at borekrona roterar.

Fyrste gong Island Offshore nytta kveilerørsteknologien var til boring av kjerneprøver for Statens Vegvesen i samband med utbygginga av fastlandsambandet Rogfast i Rogaland i fjor haust. No er neste steg tatt, og teknologien er for første gang teken i bruk på eit oljefelt på norsk sokkel.

– At denne teknologien no vart nytta til å bore eit pilothol på Butchfeltet er grensesprengande. Dette er eit krevjande og spanande prosjekt som har høg fokus både hjå kunden vår og i bransjen generelt. I tillegg til at det er vesentleg sikrare og billegare enn alternativet, så vert også utsleppa til miljøet redusert med 50 prosent samanlikna med konvensjonell boring, seier prosjektleiar Olsen.

Island Offshore er utviklar og eigar av teknologien, som er integrert med Baker Hughes sitt overflate-utstyr. Målsettinga er at prinsippet også skal kunne nyttast innan lett brønnintervensjon, for plugging av brønnar samt andre typer brønnintervensjonar. I august i år mottok Island Offshore ein teknologipris for nettopp denne typen kveilerørsteknologi under Deepwater Intervention Forum i Galveston, Texas.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler