Opplæringskontrakt på Songariggane

Publisert: 29.09.2015 kl. 06.02 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Songa-flokken fotografert ved verftet for nokre månader sidan.
Songa-flokken fotografert ved verftet for nokre månader sidan.


Sebastian AS i Ulsteinvik skal levere DP-opplæring av mannskapet på dei nye superriggane til Songa Offshore. Den første riggen, Songa Equinox, kjem til Norge i midten av oktober, og Sebastian må ha ferdig leveransen før riggen blir sett i arbeid for Statoil på Trollfeltet.

– Dette opplæringsoppdraget er ein strategisk viktig kontrakt for oss, fortel dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy i Sebastian. Dei fire såkalla superriggane, eller «Cat-D-einingane», blir bygde i Sør-Korea for Fredrik Mohn-kontrollerte Songa Offshore. Selskapet er registrert på Kypros, men har ein stor driftsorganisasjon i Norge. Songa Offshore starta bygginga av riggane då selskapet vann anbodet på to åtteårskontraktar med Statoil i 2011 og to åtteårskontraktar i 2012. Dei to første riggane skal operere på Trollfeltet, medan dei to siste skal operere lenger nordover på norsk sokkel.

 

 – Dette er svært avanserte og sofistikerte riggar, spesialdesigna for takle hardt ver i Nordsjøen. Songa Offshore har gjennom heile prosjektet hatt eit tett samarbeid med Statoil om designet og vidare under bygging og i testfasen. Vi har det siste halve året assistert riggeigaren med å finne ein optimal driftsfilosofi. Vi har såleis arbeidd tett med både Songa Offshore, Statoil, Kongsberg Maritime, Lloyds og DNV-GL, seier Bjøringsøy.

Leon Karl Strongman, Operations Manager i Songa Offshore seier: – Kombinasjonen av teknisk og operasjonell DP-kompetanse som Sebastian AS innehar, er akkurat det vi treng i denne fasa. Vi har tilsett mykje folk for å bemanne dei nye CAT-D-riggane og vi bestilte denne opplæringspakken for at vi skal få ein sikker DP-operasjon frå første dag riggane kjem i drift. For oss er sikkerheit det viktigaste og vi har her knyttatil oss Sebastian AS som leverandør på kursinnhold på DP fordi dei er spesielt dyktige på sikker DP-operasjon.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler