MARITIMT
Ulstein-designa skip frå verft i Brasil
Publisert: 13.04.2016 kl. 07.31 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
Det nye Oceana-verftet i Itajai, Brasil, har levert sitt aller første nybygg, eit plattform forsyningsskip av PX105-designet frå Ulstein Group. Skipet blei levert til reiarlaget Oceana Offshore 30. mars 2016 og tok til på eit 6-årsoppdrag for Petrobras 1. april. Eit systerskip er også under bygging ved verftet, og er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2. kvartal i år.
I talen ved skipsdåpen i mars 2016, framheva verftsdirektør Paul Kempers kor godt skipet tek seg ut og det gode samarbeidet mellom Ulstein og verftet for å fullføre dette høg-kvalitetsskipet.
– Undervegs på prøveturen fekk eg fleire rapportar frå ingeniørane og kapteinen på dei gode resultata skipet gjorde på fart, drivstofforbruk og sjøeigenskapar, seier han. - Som følgje av erfaringane vi har samla oss frå bygginga av CBO Oceana, er eg overtydd om at byggeframdrifta for skip nummer to vil gå veldig radig.
PX105-designet er ein stor PSV som er veleigna for arbeid i den brasilianske oljeindustrien. Fartøya er 88,9 meter lange og 19 meter breie, og har innreiing for 23 personar. Med ei dødvekt på 4700 tonn tilfredsstiller dei Petrobras sine PSV4500-krav.
Relaterte artikler
-
Ulstein med standardiserte moduler
4 år siden -
Avtaler for nybygg frå Ulstein
6 år siden -
Ulstein leverer i Brasil
8 år siden -
Hekktrålere med Rolls-Royce design
4 år siden -
Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein
4 år siden -
Hurtigrutene blir totalforandret
5 år siden
Kommenter denne artikkelen