Venstrestatsråden fredar nettolønnsordninga

Publisert: 10.02.2020
iselin_nybo_foto_forde_dsc0654.jpg
Den nye nærings- og skipsfartsministeren, Iselin Nybø (V), seier at at regjeringa ikkje vil gjera endringar i nettolønnsordninga. Foto: Thomas Førde
Den nye nærings- og skipsfartsministeren, Iselin Nybø (V) kunne melda under opninga av årets skipsfartskonferanse i Haugesund at regjeringa ikkje vil gjera endringar i nettolønnsordninga.

Det knytte seg ei viss spenning til om den nye skipsfartsministeren frå Venstre ville koma med endringsforslag til nettolønnsordninga. Denne ordninga bidrar sterk til at norske sjøfolk får jobb på norske skip. Tidlegare har Venstre programfesta at nettolønnsordninga skal bort.

Men under Haugesundkonferansen kunne Iselin Nybø melda at dette ikkje lenger stod i Venstre sitt stortingsvalprogram og at Venstre i regjering styrer etter samarbeidsfråsegna frå Granavolden som blei laga for vel eit år sidan. Men Nybø presiserte at nettolønnsordninga nå har eit litt anna namn : Det offisielle namnet er Tilskotsordning for sysselsetjing av sjøfolk.

Ny stortingsmelding
Statsråden kunne dessutan lova ei ny stortingsmelding om maritim politikk som skulle koma i løpet av hausten og kunne bli godkjent av Stortinget før jul. Denne førre meldinga kom så langt tilbake som i 2004.

– Det  var fire år før den første Iphone kom på marknaden, sa Nybø og la til det seier seg då sjølv at mange av vilkåra rundt skipsfarten er endra. Grøn skipsfart, teknologiutvikling og digitalisering blir nøkkelord i meldinga.

– Digital dugleik er nå heilt nødvendig . Alle må kunne handtera digitale verktøy og kunne samtidig handtera digital tryggleik Me treng dertil erfarne sjøfolk som kan læra heile livet, sa Nybø.

For sjøfolk og reiarlag
 
Til innleiing og ordskifte hadde Haugesundkonferansen også invitert sentrale næringspolitiske talspersonar frå opposisjonspartia. Geir Pollestad frå Senterpartiet markerte sterk politisk avstand til mykje av det som Venstre står for.

Han slo fast at å setja dato for avvikling av norsk olje og gassproduksjon er ein håplaus strategi.

– Dersom Norge sluttar å produsera olje- og gass vil ikkje verdas samla klimagassutslepp bli kutta. Legg me ned Kongsberg sin våpenproduksjon, blir det ikkje ferd i  verda. Norsk olje- og gassnæring er ei stor lukka for landet, noko som me skal ha i lang tid og byggja på og utvikla vidare.

Å setja ein sluttdato for denne næringa vil føra til katastrofe for landet og for norsk maritim næring.
Pollestad slo dessutan eit slag for norske sjøfolk og for norsk maritim kompetanse.
– Nettolønnsordninga er viktig føresetnad for at me skal ha norske sjøfolk i framtida, sa Pollestad og la til at Senterpartiet vil vera eit parti for både sjøfolk og for reiarlag.

Nytt hydrogen-selskap

Espen Barth Eide frå Arbeidepartiet kunne også slå fast at å setja ein sluttdato for olje- og gassutvinning i Norge er slett ikkje aktuelt. Men næringa vil naturleg nok erkjenna kor utviklinga går og korleis marknaden endrar seg og korleis petroleumsnæringa må tilpassa seg, sa Barth Eide.

Han understreka at Norge har kompetanse frå olje- og gassindustrien og må byggja vidare på dette. Barth Eide peika vidare på at Norge på denne bakgrunn må satsa på fangst, lagring og bruk av innsamla CO2. Norge må dertil satsa på produksjon og eksport av rein gass som hydrogen.

– Hydrogen som drivstoff kan produserast i stor skala frå naturgass og vil dermed kunne sikra vidare stor norsk gasseksport, sa Barth Eide.

Han la til at Arbeidarpartiet vil ha eit nytt statleg selskap som utviklar hydrogenproduksjonen. Han kom dessutan med mykje ros til Equinor og dei andre selskapa på sokkelen som vil gjera kraftige kutt i klimagassutsleppa frå utvinninga.

– Klimakvotene i den europeiske marknaden blir dyrare og det er difor viktig for energiselskapa å tilpassa seg, sa nestleiaren i energi- og miljøkomiteen i Stortinget.

Thomas Førde

Relaterte artikler