Verdas største skal fjerna Yme

Publisert: 17.08.2016


Av Thomas Førde

Eit av verdas aller største skip, Pioneering Spirit frå Nederland, er på veg til Yme-feltet for å fjerna skandaleplattforma som aldri kom i produksjon. «Pioneering Spirit» har i halvtanna år lege i hamn i Rotterdam for å testa utstyr og metodar om bord. Fleire mindre løft er gjennomført, men når overbygget til Yme-plattforma skal fjernast blir det eit verkeleg tungløft på 13 500 tonn. Dette tyder sjølve eksamen for skipet som er bygd på heilt andre prinsipp og løysingar enn tidlegare tungløftfartøy. I følge reiarlaget Allseas Marine er Pioneering Spirit konstruert for å kunne løfta 48 000 tonn.

Katamaran

Skipet som blei levert frå Daewoo-verftet i Korea i 2015 er bygt over to skrog, som ein katamaran. Skipet skal kunne manøvrera seg tett inntil plattformer i havet å la plattformoverbygget hamna midt i opninga framme mellom dei to skroga. Denne opninga i framkant av skipet er 122 meter lang og 59 metter brei. Heile skipet har eit skrog som er 382 meter langt.

Når skipet er i posisjon med eit plattformbygg så og seia mellom beina, skal skipsskroget senkast ned slik at det ligg lågare enn undersida av plattformdekket. Nedsenkinga skjer ved at enorme vassmengder blir pumpa inn i ballastankane om bord. Dertter blir hydrauliske klemmer sett rundt øvste del av plattformbeina, over staden der dei på førehand er kutta av.

Hydraulikk og oppdrift

Dei kraftige klemmene er hengsla opp i svære hydrauliske styrte bjelkar som ligg tvers over skipsdekket. Heile systemet skal kunne kompensera for rørslene som blir skapte av bølgjene i havet.

Når plattformdekket skal løftast bort frå understellet, skjer det først ved hjelp av dei hydrauliske kreftene i bjelkar og klemmer. Men dei største kreftene blir utløyste frå oppdrifta når skipet blir deballastert, det vil seia når ballasttankane blir tømte for vatn. Inne ved land i roleg farvatn kan plattformoverbygget flyttast over til ein lekter eller direkte over på kai.

Allsidig gigant

Skipet skal også kunne nyttast til installasjonsoppdrag ved å setja nye konstruksjonar på plass i havet. Dessutan har skipet utstyr akter for installering og fjerning av stålunderstell. Pioneering Spirit er også eit røyrleggingsfartøy som kan leggja røyrleidningar med dimmensjon opptil 62 tommar.

Skipet har lugarplass til 570 personar og innstallert maskineri og kraftverk om bord med total effekt på 95 000 kW. Skipet flyttar seg på havet for eigen maskin og kan nå ein toppfart på 14 knop.

Under bygging fekk skipet namnet Pieter Schielte, oppkalla etter ein av grunnleggjarane til reiarlaget. Men Allseas blei nærast tvinga til å byta namn på skipet ettersom det første namnet var henta frå ein nazist som blei dømt for krigsbrotsverk etter krigen.

Milliardar som forsvann

Yme-plattforma skulle kosta 4,8 milliardar kroner, men kostnadane auka til over 14 milliardar kroner. Plattforma kom på plass på Yme-feltet i Nordsjøen i 2011, men alt året etter blei 140 personar evakuerte då sprekker blei oppdaga i bærestrukturen. I mars 2013 avgjorde plattformeigar SBM Offshore og operatør Talisman at plattforma måtte skrotast.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler