Nyheter
Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions
Det spesialdesigna fartøyet, med stort dekksareal og høg dødvekt, er utvikla for å støtte omfattande grøfteoperasjonar. Illustrasjon: Ulstein
Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.
Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.
Dette spesialdesigna fartøyet, med stort dekksareal og høg dødvekt, er utvikla for å støtte omfattande grøfteoperasjonar. Subsea trenching er prosessen der ein lagar ei beskyttande grøft på havbotnen for nedgraving av rørledningar, kraftkablar og telekommunikasjonskablar.
– Vi valde Ulstein på grunn av dei velprøvde fartøydesigna deira, som gir eit sterkt fundament for å integrere alle dei operative krava våre. Dette samarbeidet gjer det mogleg for oss å kombinere pålitelegheit med skreddarsydde løysingar for våre operasjonar. Vi ser fram til eit tett og produktivt samarbeid gjennom heile prosessen. Saman skal vi levere eit toppmoderne fartøy fullt tilpassa behova til kundane og mannskapet vårt, seier Thomas Muysewinkel, prosjektleiar for fartøyskonstruksjon hos Jan De Nul.
– Vi set stor pris på tilliten Jan De Nul har vist ved å velje Ulstein Design & Solutions. Jan De Nul er ein ny kunde for oss, og vi ser fram til å bidra med eit moderne og operasjonelt fleksibelt fartøydesign, seier Rolf Petter Almli, salssjef i Ulstein Design & Solutions AS.
ALLSIDIG OG MODULÆRT DESIGN
Ulstein sitt fartøydesign har ei fleksibel utforming og støttar ei brei rekke offshoresektorar, inkludert energi, konstruksjon og djupvassoperasjonar. Denne versjonen vil vere spesialbygd for subsea-trenching og sikre høg presisjon. Skrogforma ULSTEIN X BOW® betrar komfort, reduserer bølgemotstand og drivstofforbruket.
Fartøyet er eit Ultra Low Emission vessel (ULEv). ULEv har eit dobbelt eksosfiltersystem som fjernar opptil 99 prosent av nanopartiklar frå utslepp ved hjelp av eit dieselpartikkelfilter og eit reduksjonssystem for nitrogenoksidar (NOx). Systemet reduserer også utslepp av andre eksosgassar. Motorane på fartøyet kan køyre på biodrivstoff og grøn metanol, noko som reduserer CO₂ utsleppa.
På grunn av ULEv systemet oppfyller fartøyet dei strenge europeiske Stage V krava for innlandsfartøy. I tillegg er NOx utsleppa reduserte så mykje at fartøyet oppfyller dei endå strengare EURO VI grensene.
Relaterte artikler
-
Høg aktivitet for Ulstein i 2024 [+]
04.07.2025 -
-
Designkontrakt til Ulstein [+]
04.06.2025 -
Vard signerer kontrakt på en tredje CSOV [+]
05.05.2025 -
DFO og Vard med kontrakt på OSCV [+]
04.04.2025 -
Vard med kontrakt på fem fartøy [+]
21.11.2024 -
Ulstein har utvida designporteføljen [+]
28.11.2023 -
Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein [+]
06.07.2023 -
Esvagt velger Havyard-design [+]
08.12.2015 -
Casco Offshore velger Ulstein design [+]
05.05.2014 -
Havyard bygger hybrid PSV [+]
15.04.2014 -
Designkontrakt til Ulstein [+]
29.10.2013 -
Oceana Offshore velger Ulstein design [+]
17.10.2013