Ingrid Løset slår alarm om spøkelsesfiske

Publisert: 20.03.2020
kfr-hummer-tf.jpg
Hummar sittande fast i spøkelsesgarn. Foto: Ingrid Disch Løset

Tapt fiskereiskap som teiner, garn og ruser forsøplar havet og påfører sjødyr og fisk skade og liding. Spøkelsesfiske kan dermed utgjera ein trussel for fiskeri, fiskebestand og marine økosystem.

Fiskereiskap som eigaren har mista eller gløymt att blir ståande i sjøen og kan dermed fanga fisk og skalldyr i årevis. Daude og skadde organismar som er fanga trekkjer til seg åtseldyr, annan fisk og sjødyr som sjølve blir fanga i ein langvarig runddans.

SPØKELSESFISKET
Dette er litt av bakgrunnen for det såkalla spøkelsesfisket som Ingrid Løset, student ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet i Ås (NMBU) sette søkelyset på i mastergradoppgåva innan marinbiologi. 

– Omfanget og konsekvensane av tapte fiskereiskapar er ein stor trussel globalt, men lite undersøkt i norske farvatn, seier Løset. Sjølv fekk ho augo opp for problematikken under eit års studieopphald i Australia kor ho fokuserte på marinbiologi. Då blei ho samtidig interessert i dykking og fekk med eigne auger sett kva skadar som etterlatne reiskapar kan påføra livet i havet. 

– Tapte fiskereiskapar er ein av dei større bidragsytarane til verdas marine forsøplingsproblem. Dei blir dessutan sett på som ei kjelde til alvorlege biologiske og sosio-økonomiske problem over heile verda, seier Løset. Ho peikar på at moderne fiskeutstyr er produsert av ikkje-nedbrytbare syntetiske material og kan utgjera ein alvorleg trussel for det marine dyrelivet ved at det kan halda fram med få fiska sjølv om utstyret er tapt for fiskaren. 

DYKKARKLUBBAR GÅR FØRE
Løset forklarar at spøkelsesfiskeri oppstår når dyr viklar seg inn i garn eller blir fanga i teiner. 

– Det er i dag lite kunnskap om omfanget av reiskapstap og problem med spøkelsesfiske langs kysten. Dette skuldast i hovudsak at det er lite rapportering av slike hendingar. Det er dessutan krevjande å gjennomføra langsiktige studiar om temaet. 

I Norge har dette problemet fått auka merksemd gjennom eit prosjekt der lokale dykkarklubbar har bidratt til forsking ved å rydda og rapportera om tapte fiskereiskapar. 

Dykkarar har rapportert inn monalege mengder data om funn av tapte reiskapar langs Norskekysten i perioden 2015 – 2018. Dette utgjorde ein stor del av datagrunnlaget for Løset si masteroppgåve.

– Ved å analysera skjema som er utfylte av dykkarane, var målet for studien å undersøkja omfang og geografisk fordeling av tapte fiskereiskapar frå kystfisket i Norge, seier Ingrid Løset. I tillegg hadde ho som føremål i studien å laga eit estimat for fangstrate og fangstfordeling av spøkelsesfiske samt å vurdera kva verknader dette har på marine dyregrupper, med hovudfokus på europeisk hummar.

Vidare blei fangstraten modellert for å undersøkja om reiskapstypar og ulike miljøvariablar kunne påverka fangsten i spøkelsesfisket. 

Les mer i Maritimt Magasin nr 03-2020, i salg fra 19. mars.



Bladet distribueres gjennom Tidsam i Norge og Sverige. Kjøp bladet i nærmeste butikk eller bestill abonnement nå!
 
Finner du ikke bladet i hyllen? Si fra til betjeningen at Maritimt Magasin mangler! Antall utsalgsteder og blader i hyllen tilpasses etter etterspørsel. De fleste butikksjefer setter pris på tilbakemeldinger fra sine kunder, så ikke vær redd for å si fra.

 

Innhold
POLITIKK
Det skjer fortsatt altfor lite4
Et nytt havbrukseventyr?5
Best på opplæring til sjøs5
En god løsning for iskanten5
Best før?6
Er landstrøm løsningen på det grønne skiftet?7
Norske sjøfolk engasjerer8
MARITIMT
Kjølstrekk for ferje til Brevik Fergeselskap12
Ulykkesstatistikken13
Dobler til Hirtsals14
Tid for å søke Innovasjonsprisen15
TEMA: HAVBRUK
– Markedet har aldri sett så lyst ut som nå16
Utnyttelse av kvotene18
Ny løsning for flytende solenergi19
Spesialistene på rensefisktransport20
Nytt liv for ombygde PSV-er21
Bruker mindre legemidler22
Bærekraftig oppdrett med sertifisering23
Dyrevelferd i fokus24
Nytt studium om operasjonsledelse25
Ønsker oppdrett på sjøpølse – på land26
Konkurransen om havarealene øker27
DANISH MARTIME FAIR
Snart klar for Danish Maritime Fair 28
ERFAKONFERANSEN
Varierende utsikter30
Nye krav – nye muligheter31
– Helt ny type prosjekt for oss32
ENOVAKONFERANSEN
Enova vil få fart på landstrømmen34
CLEAN OCEAN CONFERENCE
Slår alarm om spøkelsefiske36
MILJØ
Velger pris i stedet for sikker hugging38
CRUISE
Mot rekordvekst for cruisetrafikken74
Bygger havgående superyacht76
Slutt for verdens eldste77
Ultraluksus i norske fjorder78
Retroskip til norskekysten78
Kongsberg Maritime med stor leveranse til tre skip79
VERFTSINDUSTRIEN
Forskningsskip i rute80
HAUGESUNDKONFERANSEN
Color Line best på opplæring82
Byggjer verdas første i betong84
Fiskarlaget slåst mot havvindmøller86
Heiderspris for uvurderleg innsats90
HAV OG HAVN
Knutsen bygger to tankere for Nordsjøen92
Enda et nybygg til Nergård93
Tersan skal bygge alle fire93
Første trimaran sjøsatt94
DFDS med god fremgang til Kiel95
Saga Subsea kjøper ROV-fartøy95
Stor ABB-kontrakt96
PMH Norway med nytt DP-system97
Jens Kristian utrustes ferdig ved Stadyard98
Linebåt får norsk design99
Får den tredje99
Første utslippsfrie offshoreskip99
Bygger fire nye LNG-skip100
Sølvtrans vil ha tre101
Kleven tar over nybygg101
ORDRELISTER
Ordreliste for norske rederi102
Ordreliste for cruiserederi107
Ordreliste for norske verft109
LITT OM MYE
BÅTOMTALER
Tustna41
Grip41
Florøy42
Ben Hur43
Hevrøy47
Setter48
Fedjebjørn50
Seingen52
Mjåsund54
Ruth55
Frøygard57
Frøy Neptun58
Bjørn Martin60
Kongsfjord62
Salmar V66
Lauvøy66
Berle67
Costa Smeralda68
Sky Princess70
Norwegian Encore72

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler