Ny hall og tidobla omsetning

Publisert: 20.07.2026
Bjorn Mathisen-TF.jpg

Det er viktig å møta kundane ansikt til ansikt, seier sals- og marknadssjef Bjørn Mathisen, før han legg ut på reise til oppdrettsmarknaden i Chile. Foto: Thomas Førde

I tettstaden i Høylandsbygd med rundt 400 innbyggarar ligg ei bedrift, som leverer anlegg for produksjon av ferskvatn til alle delar av verda. 

Ved innkøyringa til industribygda lyser firmanamnet Norwater mot oss med store, blå bokstavar på veggen til ein stor industrihall. Seinhaustes i fjor blei hallen teken i bruk. Denne sommaren blei det halde ope hus for naboar, bygdefolk og alle andre som ønskjer å sjå innsida av det moderne produksjonsanlegget.

– Den nye hallen utgjer eit stort og viktig løft for oss, seier dagleg leiar Per Einar Gjerding. Han seier vidare at verksemda med den nye hallen får samla all aktivitet under eitt tak, og at produksjonen dermed blir meir effektiv. Gjerding legg til at når dei held open dag i hallen, viser det at verksemda ønskjer eit nært og ope forhold til bygda.

– Dei fleste som jobbar hos oss bur i nærmiljøet, og det er frå dette området me helst vil rekruttera nye medarbeidarar, seier Gjerding.

GJENBRUK
Inne i den nye hallen er produksjonen av vassbehandlingsanlegg i full gang.

– Vinteren og våren brukar å vera travle periodar hos oss. Det ser ut til at nye budsjettår hos kundane våre stimulerer etterspurnaden. Dei siste åra har me dessutan halde jamn produksjon også elles i året, seier marknadssjef Bjørn Mathisen.

Store vindaugsflater og stor takhøgd gjer arbeidsmiljøet innandørs lyst og triveleg. Mathisen fortel at hallen tidlegare tilhøyrde Kongsberg Maritime og stod i Horten. Ettersom tomta hallen stod på skulle disponerast til bustadføremål, måtte hallen rivast og flyttast.

– Då slo me til og kjøpte heile hallen, inkludert dei to traverskranane i taket, fortel marknadssjefen. Han legg til at flyttinga og gjenreisinga av den 2400 kvadratmeter store hallen blei vellukka. 

– Samstundes sparte me investeringskostnader samanlikna med å byggja ein heilt ny produksjonshall.

I den eine enden av hallen skjer produksjonen av mindre avsaltingsanlegg. Desse blir i hovudsak selde til reiarlag, som plasserer anlegga om bord i skip. Der skal avsaltingsanlegga produsera ferskvatn og drikkevatn frå sjøvatn.

OMVENDT OSMOSE
Hovudkomponentane i anlegget er stempelpumper med elektromotor og sylindrar med membranar på innsida. Sjøvatn blir pressa gjennom membranane. 

– Metoden som me nyttar i dette anlegget er omvend osmose, fortel Mathisen. Han seier vidare at osmose er eit naturfenomen, der vatn prøver å jamne ut forskjellar i saltkonsentrasjon. 

– Utan pumpetrykk i anlegget, vil vatnet naturleg trekkja mot sida med mest salt. Men anlegget vårt skal fjerna saltet frå sjøvatnet. Då blir metoden omvend ved at me tvingar det saltrike sjøvatnet gjennom membranen. Sjøvatnet blir pumpa inn med svært høgt trykk. Trykket pressar vatnet gjennom membranen, medan saltet blir igjen på utsida, og reint ferskvatn kjem ut på den andre sida, seier Mathisen.

Sjøvatn til avsaltingsprosessen blir henta frå havet. Store partiklar som sand, algar og smuss blir fjerna i eit filter med små glasbitar, slik at membranane ikkje tettar seg. Deretter blir vatnet pressa til svært høgt trykk, oftast 60 bar, og sendt gjennom membranen der salt og eventuelle ureiningar blir fjerna.

Det reine vatnet blir deretter justert med tilsetjing av mineral og kontrollert før bruk som drikkevatn eller industrivatn.

Det salte restvatnet inneheld mykje høgare saltkonsentrasjon enn vanleg sjøvatn og blir vanlegvis ført tilbake til sjøen på ein kontrollert måte.

EINASTE JENTA
Mathisen fortel at Norwater har knytt til seg to underleverandørar når det gjeld membranar. Den eine er amerikansk og den andre frå Sør-Korea. Pumpeeiningane kjøper dei frå danske Danfoss.

Synne Njøs har gjennom snart eitt år vore lærling hos Norwater. Denne dagen er ho med og monterer membransylindrar på eit vassbehandlingsanlegg. Synne Njøs fortel at ho har gått Vg1, Teknologi- og industrifag (TIF) ved Kvinnherad vidaregåande skule. Ho skal vera lærling i tre år hos Norwater før ho kan ta fagbrev som industrimontør.

– Korleis fekk du læreplass hos Norwater?

– Eg var utplassert her medan eg gjekk på vidaregåande og trivst godt, seier Njøs. Ho fortel vidare at ho er den einaste jenta i produksjonen, men at det ikkje skapar problem. Arbeidsmiljøet er fint. Dessutan er det jenter som arbeider på lageret og i administrasjonen, seier Synne Njøs.

Dagleg leiar Gjerding seier at dei gjennom fleire år har teke inn lærlingar, og at dette er ein viktig kanal for rekruttering av nye fagarbeidarar.

BRØNNBÅTAR BRUKAR MYKJE FERSKVATN
I den andre enden av produksjonshallen skjer samanstilling av dei store vassbehandlingsanlegga. Marknadssjef Mathisen opplyser at dei minste anlegga har kapasitet mellom 5 og 500 tonn vatn i døgnet, medan dei aller største kan produsera 16.800 tonn i løpet av eit døger. 

Dei største anlegga blir produserte for oppdrettsnæringa, fortrinnsvis til bruk om bord i store brønnbåtar. Om bord i slike fartøy er det trong for store mengder ferskvatn, som laksen skal badast i. 

– Dette skal vera eit viktig og skånsamt tiltak mot lakselus. Laksen er anadrom og kan leva i både fersk- og sjøvatn. Ein slik overgang toler ikkje lakselusa, seier Mathisen.

Mathisen peikar vidare på at det på dei største vassbehandlingsanlegga blir montert fleire elektrisk drivne pumper og ei ekstra pumpe som blir driven av attvunnen energi. Samla sett kan slike oppsett redusera energiforbruket med nær femti prosent, seier Mathisen.

I løpet av dei siste åra har reiarlaga som eig og driv brønnbåtar blitt særs viktige kundar for Norwater. Dei store vassbehandlingsanlegga blir sette saman og installerte om bord i brønnbåtane medan desse ligg ved nybyggingsverft.

– Det inneber at montørane våre reiser rundt i store delar av verda for å installera nye anlegg. Dessutan er ettermarknaden òg viktig med service og vedlikehald av eldre anlegg, seier Mathisen.

Han legg til at brønnbåtmarknaden er i vekst, og kvart nytt fartøy blir stadig større. 

– I tillegg etterspør den veksande oppdrettsnæringa òg store vassbehandlingsanlegg på land.

INDUSTRIBYGDA
Høylandsbygd, som ligg på øya Halsnøy i Kvinnherad kommune, har gjennom minst hundre år vore ei viktig bygd for maritim industri. I dag har den vesle bygda om lag 200 industriarbeidsplassar. I tillegg til dei vel 40 som arbeider hos Norwater, har bygda selskapet Tronds Marine Service, som driv tungløft-fartøy, og Halsnøy Dokk, som utfører skipsreparasjonar, dokking og ulike ombyggingar av mellom anna offshorefartøy.

Norwater ligg på tomta til eit tidlegare skipsverft, som blei grunnlagt og drive av familien Eide. I dag er Rune Eide, son til verftsgründaren Johannes Eide, styreleiar og medeigar i Norwater.

Selskapet blei starta i 1995. I 2013 omsette Norwater for 30 millionar kroner. Elleve år seinare var omsetnaden tidobla.

Men undervegs opplevde verksemda eit sterkt tilbakeslag. Dette skjedde om lag samstundes som oljekrisa slo inn i 2014. Offshorefartøy hadde vore viktige kundar for Norwater. Etter oljekrisa måtte bedrifta omorganiserast. Det medførte mellom anna nedbemanning, lønskutt og nedlegging av ei planlagt produksjonsavdeling i Kina.

Dagleg leiar Gjerding fortel at etter omorganisering og spissing av verksemda tok dei til å tena pengar igjen i 2016.

LAKS, CRUISE OG OLJE
Norwater har bygd opp eit nettverk av agentar kring i verda. I tillegg reiser marknadssjefen og medarbeidarane hans i salsavdelinga rundt til både potensielle og eksisterande kundar. Nokre dagar etter samtalen vår skulle Bjørn Mathisen reisa til Chile. Akvakulturnæringa der er blitt ein viktig marknad for store vassbehandlingsanlegg frå Høylandsbygd.

– Kva ambisjonar har de vidare for verksemda og korleis vil de takla sterk internasjonal konkurranse?

– Me ønskjer å skapa trygge arbeidsplassar. Samstundes vil me ikkje vera for opptekne av å auka omsetnaden. Det må ikkje vera eit overordna mål. Me må spesialisera oss og fokusera på kvalitet og god lønsemd, seier dagleg leiar Per Einar Gjerding.

– I tillegg til nye brønnbåtar og oppdrettsnæringa generelt, er cruisebåtindustrien – særleg skip for ekspedisjonscruise – viktige kundar for oss. Men skip og riggar innan olje- og gassindustrien vil me også ha med oss på kundelista i mange år framover, seier Gjerding.

Han understrekar at Norwater har bygd opp eit nettverk for sal og marknadsføring over heile verda, og at selskapet har kundar i alle verdsdelar.

Marknadssjef Bjørn Mathisen peikar på at Norwater til dømes har kundar innan oppdrettsnæringa på Tasmania, og at Kina er ein veksande marknad. I Kina er det særleg verftsindustrien som ser lovande ut for Norwater sine produkt.

Mathisen trekkjer også fram leveransar av ferskvassanlegg til mindre øysamfunn og hytteområde som interessante marknader framover.

– Etterspurnaden etter ferskvatn aukar raskt globalt og mange område slit med vassmangel. Dersom me greier å utvikla produkta våre vidare og levera kvalitet, vil Norwater ha ei lys framtid, seier Per Einar Gjerding.

FAKTA OM NORWATER
Type selskap: Produserer anlegg for avsalting av sjøvatn.
Kvar: Høylandsbygd på Halsnøy i Kvinnherad kommune.
Omsetnad i 2024: 306,2 mill. kr.
Resultat før skatt i 2024: 55,9 mill. kr.
Dagleg leiar: Per Einar Gjerding.
Eigar: Eide-familien gjennom selskapet Barge Invest AS.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Relaterte artikler