Sevi Turbo satsar stort i Danmark

Publisert: 25.03.2015


Sevi Turbo har etablert komplett turboverkstad i Hirtshals for turboar i alle størrelsar og turboar til alle motormerker.

Selskapet har akkurat informert marknaden om etablering i Sandnessjøen og no er det utlandet og Hirtshals i Danmark som står for tur.

Det er inngått ein rammeavtale der Sevi Turbo skal levere alt av turbodeler og turboservice til Marineservice AS - Hirtshals som er ein del av den veletablerte Marineshaft-gruppen. I tillegg skal Sevi turbo ha det som trengs av balanseringsmaskiner, spesialverktøy og personell i Hirtshals.

Sevi Turbo sine produkt og tenester blir då også tilbudt som en del av Marineservice sin portefølje gjennom dette samarbeidet. Marineservice AS – Hirtshals tilbyr også dokkingar av fartøy.

Også her har samarbeidet starta på best mulig måte med ein storordre til eit dansk reiarlag.

Den danske marknaden og marknaden med fartøy som går inn og ut av Østersjøen åpnar seg dermed opp for Sevi Group. I tillegg er det kortare avstand til resten av Europa, skriv selskapet i ei pressemelding.

Adm. dir. Roger Kaldhol lovar endå fleire etableringar både i inn- og utland dei nærmaste månadane.

Kim

Relaterte artikler