Nyheter
Stor kontrakt til Rolls-Royce
                                            Publisert: 08.02.2010
                                        
                                    Rolls-Royce skal levere motorar og thrusterar til oppgradering av ein stor kranlekter for det amerikanske selskapet J. Ray McDermott. Kontrakta har ein verdi på over 110 millionar kroner.
Ordren inkluderer seks undervannsmonterbare thrusterar og fire motorar, og er del av ei stor oppgradering av tungløfts- og rørleggingsfartøyet ‹‹Derrick Barge 50›› som opererer i Mexicogolfen.
– Denne kontrakten viser at kundane har tillit til vår teknologi og service, seier Helge Gjerde, Senior VP Offshore. Rolls-Royce har omfattande erfaring innan offshore skipsdesign og utstyrssystem, og våre thrusterar og motorar er velprøvde i offshoremarknaden. Med vårt nye servicesenter i Galveston, Texas, har vi også styrka vår kundestøtte i området rundt Mexicogolfen.
Kvar av dei seks thrusterane gir ei skyvekraft på 44 tonn. DB50 kan løfte last på opptil 4400 tonn, og legge rør på opptil 50 cm i diameter på djupner ned til 2700 meter.
I mars 2009 opna Rolls-Royce eit nytt anlegg i Galveston i Texas. Det nye Rolls-Royce Marine servicesenteret i Galveston har ei golvflate på 3700 kvm, og tilbyr avanserte reparasjons- og overhalingsfasilitetar for heile selskapets portefølje av marineprodukt til kundar i området rundt Mexicogolfen. I løpet av 2009 opna Rolls-Royce seks nye servicesenter, i Europa, Nord- og Sør-Amerika og i Midt-Austen.
Relaterte artikler
- 
                                                            Rolls-Royce leverer til Edison25.10.2016
- 
    
- 
                                                            Rolls-Royce vant kontrakt i tøft marked29.10.2015
- 
    
- 
                                                            Stor kontrakt til Rolls-Royce på skipsutstyr23.04.2015
- 
                                                            Stor kontrakt i USA for Rolls-Royce04.03.2015
- 
                                                            Kjempekontrakt til Rolls-Royce09.12.2014
- 
                                                            Stor kontrakt til Rolls-Royce11.09.2014
- 
                                                            Utstyrskontrakt til Rolls-Royce10.06.2014
- 
                                                            Ny designkontrakt til Rolls-Royce06.06.2014
- 
                                                            Stor utstyrskontrakt til Rolls-Royce28.03.2014
- 
                                                            Storkontrakt til Rolls-Royce i Brattvåg21.11.2013
- 
                                                            Storkontrakt på dekksutstyr for Rolls-Royce24.10.2013
- 
                                                            Milliardkontrakt til Rolls-Royce13.12.2012
- 
                                                            Rolls-Royce kontrakt til 220 millioner29.03.2012
- 
                                                            Ny kontrakt til Rolls-Royce18.08.2011
- 
                                                            Rolls-Royce med ny stor Brasilkontrakt24.02.2011
- 
                                                            Millionkontrakt til Rolls-Royce07.12.2010
- 
                                                            Storkontrakt til Rolls-Royce22.05.2009
