Nyheter
Arbeidsmiljøprisen for 2015 til Harding
                                            Publisert: 05.11.2015
                                        
                                    – Dette er ikkje noko HMS-ansvarlege aleine kan få til. Her er det snakk om at alle dreg i same retning, og då oppnår vi også resultat, sa Isaksen då ho takka for utmerkinga. I salen sat kring 150 deltakarar frå både privat og offentleg sektor, skriv Harding i ei pressemelding..
Det var i samband med den store HMS-konferansen i Haugesund - i regi av International SOS - at Arbeidsmiljøprisen for 2015 stod på køyreplanen. Ein pris etablert for å motivere verksemder til eit systematisk arbeid med HMS. Og ein pris som tidlegare har gått til store og små som set HMS i høgsetet. Som Eventyrhagen barnehage i fjor, og Sjøfartsdirektoratet for nokre år sidan.
– Vi meiner at Harding Safety sitt arbeid med HMS er eit døme til etterfølging, og det er ei glede for meg å dele ut årets pris til livredningsselskapet med hovudkontor i Kvinnherad, sa dagleg leiar i International SOS, Roar Storrø.
– Svært gledeleg. For oss er dette ei stadfesting på at den innsatsen vi har lagt ned gjev resultat. Og for ei verksemd som lever av å selja tryggleik, er det ekstra kjekt at arbeidet vert lagt merke til av andre, seier global direktør for kvalitet og HMS i Harding Safety, Stig Berge-Soldal. Før han avsluttar:
– Når selskapet har ein slogan som seier: «Taking safety further", er det jo ekstra viktig at «We walk as we talk».
Relaterte artikler
- 
                                                            Vant for andre året på rad17.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            To internasjonale priser til Vard09.02.2024
- 
                                                            Safepath vant anbud fra Kystverket27.09.2023
- 
                                                            Vard med umiddelbare tiltak etter tilsyn04.05.2022
- 
                                                            Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift02.06.2021
- 
                                                            Gründersøstre nominert til Innovasjonspris10.08.2018
- 
                                                            Farlegast å jobba på mindre fartøy27.09.2017
- 
                                                            Harding-utstyr til Hurtigruten21.12.2016
- 
                                                            Heder og utmerkelse til Roy Reite20.12.2016
- 
                                                            Innovasjonspris i vinterisering12.10.2016
- 
                                                            Opplæringspris til Island Offshore02.02.2016
- 
                                                            Harding sikra storleveranse til Sleipnir19.01.2016
- 
                                                            Skal bli like trygt på sjøen som på land24.09.2015
- 
                                                            Eidesvik årets velferdsrederi10.06.2015
- 
                                                            Designerpris til Granberg08.04.2015
- 
                                                            Ulmatec Pyro Årets Bedrift04.03.2015
- 
                                                            Harding åpner servicestasjon i Dubai21.01.2015
- 
                                                            Avtalar med Statoil, Petrobras og Mærsk30.06.2014
- 
                                                            Pris til Hurtigruten18.12.2013
- 
                                                            Sikkerhetspris til Norsafe20.06.2013
