Nyheter
Gasnor fekk storkontrakt
Fjord1 MRF og Gasnor har inngått avtale om naturgassleveransar til seks ferjer i Romsdal og Trøndelag – som resulterer i store miljøgevinstar når ferjene kjem i drift i 2010 og 2011. 
Naturgassavtalen, som har ein samla verdi på rundt 700 millionar kroner, er ei viktig miljøsatsing for selskapet som bygde verdas første gassferje i 2000, og som i 2007 sette inn dei fem neste gassferjene i landet. No kjem seks gassdrivne ferjer på ferjesambanda over Moldefjorden og Trondheimsfjorden.
Viseadministrerande direktør Frode Ohr i Fjord1 MRF viser til at gassferjedrift representerar ein betydeleg miljøgevinst.  - Samanliknar ein alle gassferjene med konvensjonelle dieseldrivne ferjer, er NOx-utsleppa redusert med 90%, som tilsvarar meir enn dei samla utsleppa frå dagens personbilpark i Oslo, seier Ohr. Vidare seier han at fordi naturgass er eit reint drivstoff vil praktisk talt alle utslepp av partiklar (røyk/sot) samt alle utslipp av svovel fjernast.
Gasnor er pioner på å framstille og levere naturgass til skip. Administrerande direktør Eilef Stange bekreftar at selskapet leverer i dag flytande naturgass til åtte fartøy, og har inngått kontrakt på leveransar til ytterlegare 12 fartøy. Dei opplever stor interesse også frå utanlandske selskap for denne nye teknologien. - Ettersom kystflåten står for 40% av Norges NOx-utslepp, vert det viktig med nettopp slike tiltak frå næringslivet og styresmaktene dersom Norge skal oppfylle sine internasjonale plikter (Gøteborgprotokollen), seier Stange.
Relaterte artikler
- 
                                                            Fjellstrand får ferjekontrakt06.06.2025
- 
    
- 
                                                            Bygger to nye bulkfartøy06.06.2025
- 
    
- 
                                                            Havyard signerer milliardavtale27.12.2023
- 
                                                            Ombyggingsoppdrag til Oma09.09.2022
- 
                                                            Boreal har overtatt elferja Malmefjord09.06.2021
- 
                                                            Nye kontrakter til Sletta Verft10.07.2020
- 
                                                            Boreal bygger to elferjer i Nederland28.05.2020
- 
                                                            Miljøvennlig kontrakt til Westcon Yards20.04.2020
- 
                                                            Kontrakt på nær 2,3 milliardar til Fjord120.09.2018
- 
                                                            Skal bygge elektrisk ferje til Boreal05.01.2018
- 
                                                            Vant storkontrakt på nye ferjer09.06.2017
- 
                                                            Torghatten Nord bestiller nye ferjer15.05.2017
- 
                                                            Fergekontrakt til Vard Brevik10.01.2017
- 
                                                            Tre nye ferger til Fjord 1 fra Havyard20.12.2016
- 
                                                            Ferjekontrakt til Fiskerstrand Verft27.05.2016
- 
                                                            Stor kontrakt til Brødrene Aa25.06.2014
- 
                                                            Bergen Group bygger om cruiseferger til gass23.07.2012
- 
                                                            Norled bygger to nye gassferger01.03.2012
- 
                                                            Verdens største gassferge23.01.2012
- 
                                                            Boknafjord døypes i dag14.12.2011
- 
                                                            Gjennombrot for ny teknologi frå Rolls-Royce04.02.2011
- 
                                                            Gassdrevne cruiseferger?28.09.2010
- 
                                                            Fjord Line bygger to nye cruiseferger17.03.2010
- 
                                                            Kontrakt til Fiskerstrand Verft04.02.2009
