Nyheter
Kontrakt på nær 2,3 milliardar til Fjord1
Publisert: 20.09.2018
Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm til Fjord1 ASA, skriv fylkeskommunen i en pressemelding.
Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.
FLEIRE EL-FERJER Det vil frå 2024 bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Ved å sette inn miljøferjer reduserast C02-utsleppa med 7 209 tonn årleg. På sambandet Sølsnes-Åfarnes er det krav om to nye fartøy.
Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020 for sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Sambandet Sølsnes-Åfarnes startar opp 1. januar 2022. Reiarlaget kan bruke overgangsmateriell på Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm fram til miljøferjene skal fasast inn. Det blir nye kaianlegg på sambandet Sølsnes-Åfarnes frå 2024.
GOD KONKURRANSE –Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er glad for å redusere miljøutsleppa frå ferjene i Romsdal. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, aukar utgiftene til fylkeskommunen, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Kontraktsummen er 2,260 milliardar kroner. Fylkeskommunen vil også få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer.

Relaterte artikler
-
Ferjer - bedre enn bro og tunnel?
12.05.2022 -
Fire ferjesamband til Fjord 1
09.11.2018 -
Fjord1 vant fire samband på Nordmøre
09.01.2018 -
Romsdal får miljøferjer
04.10.2017 -
Kystruten kan bli delt på tre rederier
19.09.2017