Nyheter
Ulstein satsar på nytt selskap
Ulsteinkonsernet etablerer eit selskap som skal yte tenester til den internasjonale shippingindustrien. Selskapet får namnet Ulstein Marine Services (UMS) og skal levere tenester innan ettermarknad, teknisk drift av skip og tenester innan personal/bemanning. Ulsteinkonsernet har etablert kontor i Oslo, og leiinga i Ulstein Marine Services jobbar ut frå dette kontoret. Vidare jobbar dei no med å byggje opp einingar ved sentrale hamner kring om i verda.
Konsernsjef Gunvor Ulstein seier at etableringa av UMS er i tråd med konsernet sine strategiar om internasjonalisering og vekst. - Vi er ein betydeleg aktør innan design, engineering og produksjon. Innan operasjon har vi eigarinteresser og tilbakeføring av kunnskap gjennom erfaringar frå reiarlag. Etableringa av UMS vil styrke og utvikle oss innan service og tenester for operasjon av fartøy. Dette vil igjen kunne føre tilbake mykje sentral kunnskap til konsernet, både i design-, engineerings- og produksjonsfasen, seier ho.
Administrerande direktør for det nye selskapet er Jens Lassen, som har lang og solid bakgrunn frå shippingbransjen. Han har jobba mykje med prosessforbetringar og endringsleiing. Han er ein pådrivar for bruk av moderne og nye verktøy og metodar i shippingindustrien. 
- Den billegaste måten å drive langsiktig på innan shipping er å ha høg kvalitet med fokus på sikkerheit. Vi skal yte tenester som gir kundane våre betydeleg reduksjon i kostnader, optimalisering av drifta og auka pålitelegheit. Kundane skal sleppe å gjere ein reparasjon etter at skaden har oppstått. Vi skal syte for førebyggande og styrte serviceoppdrag før noko skjer med utstyr eller operasjon av fartøyet. Målet vårt er å lære av flyindustrien når det gjeld førebygging av ulukker, reparasjon av utstyr og levering av tenester, seier Lassen.
Jens Lassen kjem frå stillinga som administrerande direktør i Stolt-Nielsen Shipowning, Rotterdam. Før det var han visepresident for Marine Operations i Royal Caribbean Cruise Lines, Miami. Han har i ei årrekkje jobba i ulike stillingar for DNV internasjonalt. I ti år jobba han i V. Ships .Jens Lassen er administrerande direktør for Ulstein Marine Services. Etableringa medfører ei auka satsing på servicetenester til shippingindustrien. Dette vil styrke dei eksisterande aktivitetane i Ulsteinkonsernet.  Norway AS som teknisk direktør.
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
    
- 
                                                            Frydenbø styrker den maritime satsingen06.05.2025
- 
                                                            Nortel-investorer går maritimt14.10.2024
- 
                                                            Ulstein med gode tal for 202324.06.2024
- 
                                                            Brunvoll-kontrakt med Esvagt18.07.2023
- 
                                                            Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft25.04.2023
- 
                                                            Larsnes Mek skal bygge ny kombibåt15.02.2023
- 
                                                            Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas01.07.2022
- 
                                                            Samarbeid mellom Schottel og Ulstein12.07.2019
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein31.07.2018
- 
                                                            Ulstein 100 år09.08.2017
- 
                                                            Metizoft med storavtale24.02.2017
- 
                                                            Ulstein vann kontrakt på systemleveransar01.10.2015
- 
                                                            Godt resultat for Ulstein Group13.05.2015
- 
                                                            Ulmatec Pyro Årets Bedrift04.03.2015
- 
                                                            Sebastian opnar Brasilkontor02.03.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein13.01.2015
- 
                                                            Solide tal for Ulstein29.04.2014
- 
                                                            Ulstein sel alle Blue Ship-fartøya01.11.2013
- 
                                                            Ny designkontrakt til Ulstein29.04.2013
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            V.Ships åpner kontor i Ålesund06.11.2012
- 
                                                            GC Rieber kontraherer hos Ulstein01.06.2012
- 
                                                            Ulstein etablerer nytt selskap10.08.2011
- 
                                                            Slår saman engineeringsressursar15.04.2011
- 
                                                            Ulstein bygger to til seg selv20.12.2010
- 
                                                            Kjemperesultat frå Ulstein Group12.03.2010
