Nyheter
Ulstein vann kontrakt på systemleveransar
                                            Publisert: 01.10.2015
                                        
                                    Ulstein Power & Control har vunne ein kontrakt med AVIC Weihai Shipyard Co. Ltd. på levering av kraft- og kontrollsystem til to «subsea rock installation»-fartøy for Jan De Nul Group.
Fartøya skal nyttast til å legge beskyttande stein over kablar og strukturar på havbotnen på djupner ned til 600 meter.
– Dette er ein viktig kontrakt for Power & Control-området, som frå før har solid erfaring innan offshoresegmentet, men som med denne kontrakten kjem inn på eit nytt segment. Dette viser at løysingane er konkurransedyktige og fleksible. Det er svært gledeleg å få denne kontrakten i ein vanskeleg marknad, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
Ho legg til at Ulstein Group nyleg har levert design og løysingar til denne typen skip.
Leveransen frå Ulstein Power & Control inkluderer Power-pakka (den elektriske pakka) som inneheld generatorar, tavler, motorkontrollsenter, thrustermotorar og frekvensomformarar, automasjonssystemet Ulstein IAS, DP-system og kontrollsystemet til thruster, og dessutan arbeidet med å starte opp systema.
Det blir stilt store krav til systemintegrasjon for å kunne sette saman og levere slike produktpakkar, og administrerande direktør Gunnar H Hide i Ulstein Power & Control kommenterer kontrakten slik:
– Løysingane og produkta i ein systempakke skal vere sikre, miljøvenlege og kostnadseffektive. Med ein felles innsats frå hovudkontoret i Noreg og selskapet vår i Kina, greidde vi å vinne kontrakten ut frå ei totalvurdering av pris, leveringstid, funksjonalitet og kvalitet på systema. Vi er svært takksame for tilliten frå AVIC Weihai Shipyard og Jan De Nul Group, seier han.
Ulstein skal levere produkta og systema i 2016. Skipa skal leverast frå verftet i 2017. Dei måler 95 meter i lengda og 22 meter i breidda.
Jan De Nul Group, med hovudsete i Luxemburg, er ein ekspert på mudring og marin anleggsverksemd, og i spesialiserte tenester til offshoreindustrien.
AVIC Weihai Shipyard Co Ltd ligg i Shandong-provinsen i Kina. Verftet vart etablert i 1951, og starta med å byggje fartøy til den internasjonale marknaden i 1998.
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Vard med kontrakt på to CSOV-er21.07.2025
- 
    
- 
                                                            Enda en ombygging for Green Yard Kleven30.01.2025
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Skal bruke ubemannet fartøy fra DeepOcean10.10.2023
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            Leverer forankringsutstyr til tre rigger27.11.2018
- 
                                                            Red Rock leverer til forskningsskip11.01.2017
- 
                                                            Red Rock sikret storkontrakt med Vard02.09.2016
- 
                                                            Utsetter levering fra Vard Brattvaag21.12.2015
- 
                                                            Kjempekontrakt til Rolls-Royce09.12.2014
- 
                                                            Subseakjempe til Siem Offshore24.02.2014
- 
                                                            Storkontrakt på dekksutstyr for Rolls-Royce24.10.2013
- 
                                                            Subsea 7 bestiller konstruksjonsskip06.06.2013
- 
                                                            Avansert rørlegger23.05.2013
- 
                                                            MacGregor-kraner til nybygg for Subsea 723.05.2013
- 
                                                            Leverer kraner til Nigeria-skip02.05.2013
- 
                                                            Solstad kontraherer hos STX OSV14.06.2012
- 
                                                            GC Rieber kontraherer hos Ulstein01.06.2012
- 
                                                            Subsea 7 bestiller nytt skip05.05.2008
- 
                                                            Leverer designpakke til kjempeskip17.04.2008
