Nyheter
Vil betre undervisninga i maritimt fagspråk
Publisert: 12.01.2021
– Fagarbeidarar må meistre fagspråket, seier Trude Amundsen som no tek doktorgrad i språkopplæring i fagutdanninga. Ho er lektor ved den maritime avdelinga til Fagskolen i Hordaland og vil finne ut korleis det kan leggast til rette for best mogeleg undervising i fagspråk.
– Å forstå fagspråket er veldig grunnleggande i å utøve eit yrke. I doktorgradsforskinga skal eg forsøke å finne ut korleis vi skal legge til rette for best mogeleg språkundervisning i for dei som tar ei fagutdanning, seier Trude Amundsen. Til dagleg underviser ho i maritim engelsk og norsk kommunikasjon ved Fagskolen i Hordaland.
– Då eg starta å undervise her for fem år sidan, leita eg etter forskingsbasert kunnskap om korleis undervise i fagspråk i maritim utdanning. Eg fann svært lite og tok difor saka i eigne hender. Dei sentrale spørsmåla i didaktikken er kva skal lærast, kvifor skal det lærast og korleis legge opp undervisinga?
MÅ MEISTRE SPRÅKET
– Eg tek ein offentleg doktorgrad. Tilsette i offentlege verksemder kan søkje stipend for å ta slik doktorgrad om forskinga er relevant for verksemda du jobbar i, legg Trude Amundsen til som lærer dekksoffiserar korleis forstå fagspråk og kommunisere på norsk og engelsk.
– Fagarbeidarar må meistre fagspråket, som kan ha enormt mange faguttrykk. Å forstå alle faguttrykka handlar mykje om tryggleik. Den maritime utdanninga er internasjonal, og det er viktig å forstå og kunne bruke dei engelske faguttrykka, så vel som dei norske. Alle skal ha same kompetanse utan omsyn til kvar i verda dei tek utdanninga. Dokumentasjonen blir strengare, og det er same krav overalt.
Trude Amundsen tek doktorgraden ved Universitetet i Bergen som har plassert prosjektet i kjernefeltet for satsingsområdet «hav, liv og samfunn».
SAMARBEID MED REIARLAG
– Det blir ei artikkelbasert avhandling med fire ulike artiklar, to på engelsk om maritim engelsk og to artiklar skrivne på norsk om norsk yrkesretta kommunikasjon, fortel ho til fagskulen sine nettsider. Det første halvåret skal eg lese mykje, så skal eg analysere planverket. Eg ynskjer også å knytte reiarlag til prosjektet og håpar på samarbeid med andre høgare utdanningsinstitusjonar. Vi er bortskjemte i det maritime miljøet og har godt samarbeidsklima, seier Amundsen.

Relaterte artikler
-
Stort behov for kunnskap og kompetanse
15.02.2024 -
Ti prosent hos Brunvoll er lærlinger
24.01.2019 -
- Mandarin må inn i vidaregåande skule
03.02.2016 -
– Dugnad for læreplasser til sjøs.
24.09.2015 -
Maritim utdanning - nå?
09.01.2009