Nyheter
Vindskip får hybrid-elektrisk framdrift
                                            Publisert: 23.05.2019
                                        
                                        – Vindkraft som framdriftssystem på skip har svært høg fokus internasjonalt  i dag. Om dei nye klima og miljømåla skal nåast, er dette konseptet eit svært viktig bidrag, seier Hallvard Slettevoll i teknologiselskapet Stadt AS i Gjerdsvika.
Det spesielle skroget er utvikla og patentert av ingeniør Terje Lade i Ålesund, som har brukt fleire år på utvikling og modelltestar. Dette designet er svært ulikt andre vindbaserte design, i og med at det faktisk ikkje er basert på segl som må heisast og opererast, heiter det i ei pressemelding.
Her er det kun utforminga av sjølve skroget som i seg sjølv gjer at vinden dreg skipet framover, så godt som uavhengig av vindretning. Eit trimaranskrog gjer sitt til at skipet får stabilitet og svært lite behov for ballast.
Vind vert den største energikjelda til skipet si framdrift med over 50 prosent av trekk-krafta, men den er også kombinert med andre energikjelder, som LNG-elektrisk og ein batteripakke. Her er det STADT Lean Propulsion sitt system som skal drive propellen som eit supplement til vindkrafta.
– Miljøavtrykket vert redusert med så mykje som 80 prosent, om ein samanliknar med skip av liknande karakter brukt i dag, seier Slettevoll i pressemeldinga.
Første og viktigaste marknaden for desse nye skipa, er til transport av store bil-lastar frå personbilprodusentar i Tyskland etc.
orhandlingar med fleire bilprodusentar er i gong om bygging av ei serie av desse skipa. Også andre typer bruksområder vil kome etter kvart.
Vindskip vart for øvreg nyleg nominert til German Design Award 2020.
                                 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Vaagland Båtbyggeri skal bygge for Frøy24.08.2023
- 
                                                            Brim lanserer sitt fjerde elektriske skip03.08.2023
- 
                                                            Hvordan ser fremtidas havbruksflåte ut?29.03.2023
- 
                                                            Skal bygge ny brann- og redningsbåt21.06.2022
- 
                                                            Visjonen kan bli verkeleg28.04.2022
- 
                                                            Fremtidens hurtigbåt?16.12.2021
- 
                                                            Lanserer ny type utslippsfri passasjerferje10.08.2021
- 
                                                            Kristoffer Tronds – setter ny standard08.06.2021
- 
                                                            Brønnbåt Nord med ny batteri-hybrid brønnbåt06.05.2021
- 
                                                            Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy04.05.2021
- 
                                                            Skal revolusjonerer persontransport på sjøen21.04.2021
- 
                                                            Brim - hybridbåt med undervannsdrone19.11.2019
- 
                                                            Nytt nullutslippsdesign fra Brødrene Aa03.09.2019
- 
                                                            Hydrogenferjens utseende begynner å ta form28.02.2019
- 
                                                            Virtuell omvisning i ubygd båt18.12.2018
- 
                                                            Ny superyacht med energieffektiv fremdrift11.12.2018
- 
                                                            Ny kombitråler til Nord-Lenangen16.12.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Havyard bygger hybrid PSV15.04.2014
- 
                                                            FS Stormy døpt i helgen31.03.2014
- 
                                                            Ulstein overraska med nytt brukonsept29.08.2012