Wings Travel må tilsette fleire

Publisert: 27.04.2026
Bengt Georgsen-TF.jpg

Bengt Georgsen er dagleg leiar hos Wings Travel, som har mange flyselskap som leverandørar. Foto: Thomas Førde.

Norske selskap sender sine tilsette på jobb kring i heile verda. Då er det avgjerande at nokon syter for å tinga hotell, billettar og held styr på avreisetider.

Vinterhalvåret er mest utfordrande i denne bransjen. Isak Braut Øvrebø er ein av reisekonsulentane i Wings Travel og arbeider mellom anna med å skaffa flybillettar og hotellovernatting til fagarbeidarar som skal til og frå Hammerfest.

Øvrebø fortel at ved rotasjon av arbeidsfolk på produksjonsskipet Johan Castberg i Barentshavet, reiser arbeidsfolka fram og tilbake med helikopter frå Hammerfest. Men ofte kan helikopteravgangar bli utsette og avgangstider endra på grunn av dårleg vêr.

– Då kan det òg bli nødvendig å sjå til at hotellbestillingar blir endra, seier Øvrebø.

Han legg til at flybillettar frå Hammerfest oftast blir tinga til sein avgang om kvelden, slik at det er litt slingringsmonn for helikoptertransporten frå Johan Castberg.

For arbeidsfolk, som skal til og frå Hammerfest, må dei innom flyplassen i Tromsø for å koma vidare sørover i Norge.

FRÅ PORTUGAL TIL HAMMERFEST
Utfordringar for reisebyrået melder seg også når dei reisande skal spreie seg til ulike heimstader kringom i Norge, Norden og Europa.

– Me ordnar med billettar for arbeidsfolk frå Romania og Polen og andre land i Aust-Europa. Nyleg ordna eg billett for ein person som er busett i Portugal. Han skal på jobb ved Hammerfest. Reisa til vedkomande må skje med fly via Stockholm eller København og derifrå til Tromsø før siste flyetappe går til Hammerfest, seier Øvrebø.

Han har hatt fast jobb i halvanna år som reisekonsulent ved kontoret til Wings Travel på Forus, like ved Stavanger. Kontoret med 14 tilsette ligg likevel innanfor kommunegrensa til nabobyen Sandnes.

PÅ VAKT HEILE DØGNET
Isak Braut Øvrebø gjennomførte studiet til bachelorgrad i reiselivsleiing ved Universitetet i Stavanger før han tok til i Wings Travel. Her arbeider han i team saman med seks andre reisekonsulentar.

Kvar sjuande veke har han døgnvakt.

– I praksis tyder det at eg har sovande vakt og vaknar når telefonen ringer. Øvrebø fortel vidare at det i slike vaktveker skjer noko kvart døgn etter kontortid.

– Det skjer ikkje noko kvar natt, men det skjer som regel noko kvar kveld når kundar treng hjelp, til dømes med om-booking av flybillettar eller hotellbestillingar.

Når det skal bestillast flybillettar eller hotellovernatting for arbeidsfolk innan olje- og gassindustrien, er det typisk mellom 10 og 12 personar om gongen som går i rotasjon og skal anten heim eller på jobb. 

MANNSKAPSBYTE OG ROTASJON I THAILAND
Wings Travel reknar seg som spesialist på tilrettelegging for rotasjonsreiser. For tida arbeider dei mykje med firma som har tilsette innan stillasfag eller isolasjonsfag. Forutan Hammerfest-området er det òg for tida stor aktivitet i Florø og på Kårstø i Tysvær.

Wings Travel har også spesialisert seg på tilrettelegging av reiser i samband med mannskapsbyte på ymse typar skip. Då er det oftast rundt 20 personar som skal til eller frå båten og som det skal skaffast billettar til. Mannskapsbyte både for skip, boreriggar og for byggeprosjekt innan olje- og gass-industrien må ofte skje i utlandet. 

Ved Aibel sitt verft i Laem Chabang er det stor aktivitet, og mange frå Norge og andre europeiske land reiser til og frå dette verftet. Ettersom Thailand ligg i ei anna tidssone enn Norge, skjer mykje av kommunikasjonen via e-post.

– Mykje må ordnast om morgonen her ved kontoret før Thailand stengjer for kvelden, seier Øvrebø.

OPPSTART I 2001
Reisebyrået såg først dagens lys i Stavanger i 2001, starta av ein lokal gründar, Terje Sveinsvoll. Føremålet med reisebyrået var å hjelpa lokale selskap ut i verda. Nye eigarar, som Ole Gunnar Solskjær og den lokale ishockeyentusiasten Tore Christiansen, kom med i 2004. Etter kvart blei selskapet ein del av reisebyråkjeda Travelnet. I 2016 blei Travelnet i Stavanger kjøpt av Wings Travel Management.

Wings Travel er nå ei stor internasjonal kjede av reisebyrå, som spesialiserer seg på service til firma innan olje- og gassindustrien. Selskapet er representert i 20 ulike land og har mellom anna kontor i Aberdeen, Rio de Janeiro og Houston. 

– I Norden har Wings berre eitt kontor, og det ligg i Sandnes kommune. Kontoret omset årleg for om lag 400 millionar kroner etter å ha gjennomført mellom 60.000 og 70.000 transaksjonar i året, fortel dagleg leiar Bengt Georgsen.

Han legg til dagens stab på 14 tilsette vil i løpet av sommaren bli auka til 16.

TRYGGLEIK
– Då internett blei ein del av kvardagen i norske bedrifter og heimar, trudde mange at reisebyråa ville døy ut, og at alle kom til å ordna eigne billettar og hotellreservasjonar. Men det blei ikkje slik. Kvifor?

– Me tilbyr service og hjelp heile døgnet. Me kan følgja opp alle bestillingar og avtalar med flyselskap, hotell og leigebilfirma. Når noko uventa skjer på reisemålet, har me heile tida fokus på helse, miljø og tryggleik. Når dei reisande er registrerte hos oss, veit me kvar dei er og kan varsla og eventuelt hjelpa til med å få dei i tryggleik, seier Georgsen.

Han legg til at mange av dei reisande hos bedriftskundane tingar billettar og hotell sjølve, men oftast via Wings sin portal mot at dei betaler eit transaksjonsgebyr. Då er dei reisande registrerte i systemet.

MARINE BILLETTAR 
Georgsen peikar også på ein annan fordel som dette reisebyrået kan tilby kundane sine, såkalla marine billettar. Desse billettane gir stor fleksibilitet for dei reisande, gir full refusjon ved endring og ombooking og kan gi inntil 40 prosent prisreduksjon.

Amadeus-samarbeidet er også noko Georgsen trekkjer fram. Dette er eit internasjonalt samarbeid i reiselivsnæringa mellom store aktørar knytta til hotellnæringa, flyselskap, leigebilfirma med meir. Reisebyrå som Wings, betaler lisens for å nytta tenestene i portalen til Amadeus, som gir tilgang til mykje av det dei reisande treng.

NEW FOUNDLAND OG NIGERIA
Dei typiske kundane for Wings i Rogaland er, ifølgje Georgsen, små og mellomstore bedrifter, som reiarlag, bemanningsbyrå og ulike leverandørselskap relaterte til olje- og gassindustrien.

– Me har mellom anna riggselskap som kundar med operasjonar i svært ulike farvatn. Utanfor kysten av Newfoundland i Canada er den største utfordringa ustabile vêrtilhøve. Båten som fraktar mannskap til og frå boreriggen og knutepunktet St. John’s, er slett ikkje alltid i rute. Det gir oss utfordringar med reservasjonar av fly og hotell.

I Nigeria og Angola er tryggleiken på land for dei reisande truleg det viktigaste omsynet. Når arbeidsfolk til dømes skal i land for mannskapsbyte, treng dei sikkerheitsvakter under transporten mellom hamn, hotell og flyplass.

ASKEFAST OG COVID
Georgsen kan fortelja mange episodar der reisebyrået måtte finna kreative løysingar for dei reisande kundane sine.

Etter det store vulkanutbrotet på Island våren 2010, i den såkalla askefast-perioden, blei mest all flytrafikk i Europa lamma.

– Me skulle syta for at eit skipsmannskap på 20 personar kom seg heim til Norge frå Aberdeen. Alle flyavgangar var innstilte, og me måtte skaffa ein stor buss med rikeleg og nokolunde komfortabel plass til alle. Bussen køyrde den lange vegen frå Skottland til England, der dei fekk transport over Den engelske kanalen. Vidare på kontinentet og nordover til Norge heldt bussturen fram og alle kom seg trygt heim.

Under covid-pandemien måtte me syta for hotellrom for mannskap i fleire dagar. Dei måtte først testast og deretter eventuelt sitja i karantene både før og etter at dei hadde vore på jobb om bord i skip eller riggar. Utfordringa var at mange hotell stengde ned, og kapasiteten hos flyselskapa blei sterkt avgrensa. Fleire skips- og riggmannskap måtte bli om bord mykje lenger enn planlagt.

Aktiviteten ved Wings si avdeling på Forus måtte også reduserast i covid-tida. Flesteparten av staben blei permittert.

BODØ/GLIMT OG VIKING
Wings tilbyr ikkje berre reisebyråtenester knytt til jobbreiser. Dei legg òg til rette for bedrifter som vil ta dei tilsette med på tur for å markera jubileum og liknande.

Dessutan er fotballreiser for spelarar, støtteapparat og supporterar ein viktig del av verksemda.

– I 2025 var Bodø/Glimt vår kunde. Det har medført mange reiser og flybillettar. Om kort tid skal Viking òg prøva å gjera suksess i Champions League. Viking er ein viktig kunde for oss, og me ser fram til å organisera deira flyreiser til komande kampar i Europa, seier Bengt Georgsen.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Relaterte artikler