Nyheter
Frivillig lønsreduksjon i Olympic
                                            Publisert: 15.02.2016
                                        
                                    Dei tilsette i offshorereiarlaget Olympic i Herøy, har gått med på ei frivillig ordning med mellombels lønsreduksjon. Avtalen er godkjent sentralt i forbunda, og har vore ute på uravrøysting blant medlemmane, går det fram av ei pressemelding.
Avtalen om lønsreduksjon er inngått mellom Olympic, Norsk Sjøoffisersforbund (NSOF), Norsk Sjømannsforbund (NSF) og Det Norske Maskinistforbund (DNMF). Lønsreduksjonen er gjeldande frå og med 15.02.16.
– Dette er eit svært viktig tiltak for å sikre arbeidsplassane og styrke reiarlaget sin posisjon framover. Heile næringa er inne i ei svært utfordrande tid no. Vi er difor glade for at dei tilsette har stilt solidarisk opp for å hjelpe til i ein vanskeleg situasjon, seier Stig Remøy, adm.dir. i Olympic.
Olympic har så langt sendt ut 36 varsel om permittering, men faktisk permitterte er godt ned på 20-talet. Avtalen som no er inngått gjer at Olympic står betre rusta for å kome seg gjennom utfordringane som følgje av vedvarande låg oljepris.
Mannskapet har også tidlegare gjort sitt for å få ned kostnadane i selskapet, gjennom reduksjon i tillegg for 2015 og forlenga turnusperiodar i 2016.
– Vi er glade for at vi har greidd å halde dei fleste i arbeid. Olympic sin overordna strategi er å halde på mest mogleg mannskap og kompetanse gjennom denne krisa. Vi er optimistar og trur at den negative trenden vil snu. Vi ser likevel at inneverande år kjem til å bli tøft, seier Remøy.
Relaterte artikler
- 
                                                            Felles appell frå dei norske verfta18.08.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Vard med umiddelbare tiltak etter tilsyn04.05.2022
- 
                                                            - Norge mangler en politikk for skipsverft30.09.2021
- 
                                                            Skapte sine eigne arbeidsplassar21.05.2021
- 
                                                            Ønsker tiltak for store nybyggingsverftene03.03.2021
- 
                                                            Det lysner i offshoremarkedet08.02.2017
- 
                                                            Ønsker permitteringstid på 52 uker10.02.2016
- 
                                                            – Viktige tiltak for maritim næring07.10.2015
- 
                                                            Havyard nedbemanner med 100 årsverk13.08.2015
- 
                                                            Regjeringen vil styrke maritime næringer30.08.2013
- 
                                                            Viktig tiltak for å styrke nærskipsfarten08.10.2012
- 
                                                            Viktig med stabile maritime rammevilkår08.10.2012
- 
                                                            Rederiforbundet positiv til Statsbudsjettet05.10.2010
- 
                                                            Regjeringen lanserer verftspakke29.04.2010
- 
                                                            Kraftige tiltak fra regjeringen09.02.2009
- 
                                                            Inngåtte kontrakter må sikres finansiering06.02.2009
- 
                                                            Viktig grep av regjeringen28.11.2008
- 
                                                            Behov for flere tiltak25.11.2008
