Nyheter
Island Offshore har sikra seg arbeid
                                            Publisert: 06.04.2016
                                        
                                    Fartøya Island Valiant og Island Constructor har sikra seg jobb på Draugenfeltet for A/S Norske Shell utover våren og sommaren. Kontraktane har ein totalverdi på om lag 100 millionar kroner.
Island Valiant tek til med såkalla IMR-arbeid (Inspection, Maintenance and Repair) på tre brønnar i april, eit oppdrag som varer i ca to veker. Dette for å førebu jobben som Island Constructor skal gjere seinare på sommaren.
Island Constructor er tildelt tre jobbar av ulik varigheit, og startar først på forsommaren med lett brønnintervensjon samt scale squeeze på to brønnar på Draugen. Deretter vert Island Constructor hyra inn att for to oppdrag i august/september med lett brønnintervensjonsarbeid samt IMR arbeid.
I tillegg til Island Constructor har no dei to andre brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier teke til på sine faste kontrakter, med oppstart 1. april. Desse to fartøya har kontrakt med Statoil på 200 dagar fast per år fram til 2020.
– Dette er kjærkome arbeid etter ein tøff vinter der brønnintervensjonsbåtane våre har vore i vinteropplag. Det er svært gledeleg å sjå folka våre og båtane mobilisere og kome seg i arbeid igjen når sesongen no tek til, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore i ei pressemelding.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard skal bygge mer for Island Offshore28.08.2024
- 
    
- 
                                                            Island Offshore sikrar langvarig arbeid27.12.2023
- 
    
- 
                                                            Meir arbeid for Island Diligence12.03.2020
- 
                                                            Langvarige kontraktar for fleire skip11.03.2020
- 
                                                            Island Victory døypt og rett i arbeid10.02.2020
- 
                                                            Fin kontraktshaust for Island Offshore23.10.2019
- 
                                                            Sikra seg kontrakt på sju år09.07.2018
- 
                                                            Positive tider for Island Offshore02.03.2017
- 
                                                            Island Offshore kontraherer hos Vard03.10.2014
- 
                                                            Kontraktar i fleng til Island Offshore14.03.2014
- 
                                                            Island Offshore bygger på Ulstein20.12.2012
- 
                                                            Nye kontrakter til STX OSV09.06.2011
- 
                                                            Kontrakt til Island Constructor27.04.2011
- 
                                                            Nytt tilskudd til Island Offshores flåte26.06.2009
- 
                                                            Island Constructor levert26.05.2008
