– Manglar nasjonal katastrofeplan

Publisert: 26.09.2019
– Norge skulle hatt ein nasjonal katastrofeplan for korleis me skal samhandla i store ulukker til sjøs.

Det er Andreas Bull som seier dette. Han er redningsleiar ved Hovudredningsentralen (HRS) på Sola og koordinerte redningsaksjonen under den dramatiske dagen i slutten av mars då cruiseskipet Viking Sky med 1400 menneske om bord fekk motorstans i full storm utanfor Hustadvika.

– Ein plan som omfattar alle offentlege og private tilgjengelege ressursar vil kunne gi enda meir effektiv utnytting av folk og materiell i ein stor katastrofe. Dermed kan i gitte høve enda fleire liv bli redda og fleire menneske bli spart for liding, seier Bull. Han legg til at Hovudredningsentralen hadde starta arbeidet med å utarbeida ein slik nasjonal katastrofeplan eit par månader før den dramatiske hendinga i Hustadvika.

– Me sit litt for mykje på kvar vår tuve når store hendingar skjer. Store sjøulukker til dømes, krev eit stort samspel, seier redningsleiaren. Han seier vidare at med ein nasjonal plan, som var kjent hos alle aktuelle aktørar, vil alle straks vita kva som måtte gjerast dersom Hovudredningsentralen melder om katastrofe.

– Hovudredningssentralen har tenkt på dette lenge og vil gjerne ha leiinga i arbeidet med ein slik nasjonal plan, seier redningsleiar Anders Bull.

Helikopter utan nødsamband
Under Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund onsdag, blei mange sider av Vikings Sky -dramet gjennomgått ved at ulike aktørar gav sin versjon av hendinga. Til liks med fleire andre i denne programposten gav redningsleiaren frå HRS ros for velluka innsats frå mange og med godt resultat.

Men på spørsmål frå debattleiar Tor Øyvind Skeiseid om noko kunne ha vore gjort enda betre, svara helikopterpilot og fartøysjef Rune Meyer Amundsen at alle helikopter som blir nytta i redningsaksjonar bør ha tilgang til det same sambandsystemet.

Amundsen er stasjonert i Florø kor HRS leiger helikopter av selskapet Helikopterservice til bruk i aktuelle situasjonar når det gjeld søk og redning. Amundsen var med i aksjonen over Hustadvika og han peikar på at helikopter som er stasjonert offshore har i dag ikkje tilgang til det lukka, offentlege sambandsystemet Tetra. Systemet blir nytta i søk- og redningsoperasjonar.

Samband via Værnes
– Når ikkje alle aktørar i ein aksjon kan nytta dette, blir samband og samhandling meir tungvint. Det bør vera samfunnsøkonomisk lønnsamt og utsyra offshorehelikopter med tilgang til Tera-systemet, seier Amundsen og legg til: Her er det snakk om helikopter til 450 millionar kroner stykke som er eigd av helikopterselskap og er leigde inn til bruk for dei store oljeselskapa.

Redningsleiar Anders Bull kunne leggja til at ulukkesdagen og kvelden 25. mars  måtte kommunikasjonen mellom HRS og dei private helikoptera som deltok over Hustadvika, skje  via flygeleiarane i tårnet på Værnes flyplass ved Trondheim.

Bull peikar også på at ved HRS blei dei nyleg klar over at offshorehelikoptera ikkje har såkalla nattsynbriller eller infrarødt kamera.

– Dette er viktige hjelpemiddel under nattlege redningsoperasjonar.

Fartøysjef Amundsen ved redningshelikopterbasen i Florø peikar dessutan på ein annan mangel:
– Alpine redningsgrupper, som ofte deltar med klatrarar i redningsaksjonar i fjellet, manglar headset med mikrofon. Dermed blir kommunikasjonen vanskeleg med oss helikopteret.



 

Thomas Førde

Relaterte artikler