Samarbeid for å utvikle militære fartøy

Publisert: 29.12.2021
Stadt Naval i Gjerdsvika har kome med som partnar i European Naval Industry Consortium som skal byggje mellom 15-20 militære fartøy i åra som kjem. – Det er unikt å vere med i ei slik gruppe, seier direktør i SStadt Naval,  Hallvard Slettevoll.

Konsortiumet som er leia av italienske Fincantieri, franske Naval Group og spanske Navantia, skal byggje 15-20 militære korvettar for militære i fleire land i Europa.  Og Stadt Navalfår ei viktig rolle i prosjektet.

– Vi skal vere ansvarlege for å utvikle eit nytt framdriftssystem for desse store militære skipa. Både gir, propell og elektriske framdriftsystem som tavle og kraftdistribusjon skal vi stå for. 
 
VIL BETY MYKJE
Prosjektet vil få stor betyding for selskapet.

– Dette betyr at vi kan tilsetje fleire, samtidig som vi sikrar arbeidsplassane vi har. Og så blir det ei viktig brikke for å få den patenterte teknologien vår vidare ut til fleire skip. Han blir også brukt i modererte versjonar på sivile skip, som fiskebåtar , offshoreskip, oppdrettsfartøy, tank- og  passasjerskip, fortel Slettevoll.

Men dette prosjektet er det største for selskapet, så langt.

–15-20 store, militære skip som dette representerer store investeringar. Slike båtar er knapt nok bygde i Noreg. Det er høgt spesifiserte, skarpe skip som kan gå i krigshandlingar. Det er verkeleg unikt å kome med i ei slikt stort prosjekt saman med desse sentrale aktørane, seier Slettevoll.

OGSÅ NORSK SJØFORSVAR
i European Naval Industry Consortium  Vi har fått gode skussmål og støtte frå det norske sjøforsvaret på tidlegare prosjekt. I tillegg har vi også vore med i ei Nato-gruppe der vi har møtt desse aktørane tidlegare. Det arbeidet vi har lagt ned der, har nok hatt betydning for at vi fekk vere med no vidare i dette store prosjektet.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler