MARITIMT
Rolls-Royce med ny stor Brasilkontrakt
Publisert: 24.02.2011 kl. 09.43 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Rolls-Royce har inngått kontrakt med STX OSV Trading om levering av avanserte ankerhandteringssystem til tre fartøy for NorSkan. Fartøya skal operere på olje- og gassfelt på store havdjup utanfor kysten av Brasil.
Kontrakta omfattar nyskapande Rolls-Royce-teknologi og har ein verdi for selskapet på over 500 millionar kroner.
– Rolls-Royce leiar utviklinga av teknologi som set selskap i stand til å operere trygt i dei mest utfordrande forhold. Vår teknologi har fokus på sikkerheit, og sørger for at offshore-selskap får oppfylt sine oppgåver på ein effektiv og sikker måte, seier Arne Tande, Senior Vice President i Rolls-Royce si avdeling for Offshore Deck Machinery.
Eit nyutvikla strammesystem – rope tensioner system - mogleggjer lagring og sikker transportering av syntetisk tau som vert brukt spesielt på torpedoankera. Denne typen anker er utvikla for å takle den spesielle sjøbotnen og dei store havdjupa utanfor Brasil. Dei kraftige Rolls-Royce vinsjane er i stand til å handtere torpedoanker på opptil 130 tonn på om lag 3000 meters djup. Løysinga er ein del av Rolls-Royce sitt system for tryggare dekksoperasjonar.
Levering frå Rolls-Royce består også av hekkrull, haikjeft, taupinnar og ankerhandteringskraner. I leveringa er også det nyutvikla ALARS launch and recovery systemet som mogleggjer kontrollert bruk av dei ekstremt tunge ankera.
Levering av utstyr til STX OSV Niteroi Shipyard startar i 2012.
Relaterte artikler
-
Fire nybygg til Island Offshore fra STX
12 år siden -
DOF bestiller AHTS hos STX i Brasil
13 år siden -
Rolls-Royce design og utstyr til Brasil
11 år siden -
Siem utøver opsjoner
11 år siden -
Ditech tildelt kontrakt med STX OSV Brevik
11 år siden -
Island Offshore bestiller hos STX
11 år siden