Nyheter
Ulstein-design til hybrid tungtransportfartøy
                                            Publisert: 22.06.2022
                                        
                                    Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag: Illustrasjon Ulstein Design & Solutions B.V.
                                    
                                        Vallianz Holdings Limited, Singapore, har skrive kontrakt med Ulstein Design & Solutions BV, Nederland, for utviklinga av sitt nye, hybride tungtransportfartøy (HTV). Det nye fartøyet, eit kundetilpassa ULSTEIN HX120-design, har ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem.
Fartøyet er designa for operasjonar over heile verda, mellom anna til den aukande transportetterspurnaden i havvindindustrien i tillegg til frakt av LNG-modular og offshore-strukturar.
Dimensjonane er optimaliserte for å støtte Vallianz sin forretningsplan om å ikkje berre transportere dei ulike delane til ein vindturbin (understell, monopåle, overgangsstykke, turbinblad), men også såkalla ‘float-over’-operasjonar.
FØRSTE I SITT SLAG
Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag, då det vil bli drive av eit hybridkraftsystem med ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem. Det elektriske batterisystemet blir levert av kanadiske Shift Clean Energy, medan Bureau Veritas har ansvaret for klassifiseringa av fartøyet.
Vallianz sin nye HTV er designa med ULSTEIN X-BOW® som bidreg til redusert energiforbruk, meir komfortable og sikrare operasjonar når skipet går gjennom sjøen.
– Sidan 2010 har havvind vore ein fokusmarknad for Ulstein, seier Cathrine Kristiseter Marti, konsernsjef i Ulstein Group. – Med våre referansar innan SOV-skip (Service Operation Vessels), tungløftsfartøy og steininstallasjonsskip, har vi bygd opp ein sterk posisjon som ein skipsdesignar innan havvindinstallasjon og -vedlikehald.
– Strategien vår er å utvide aktiviteten vår til fartøy innan havvindlogistikk, fortel Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV, og legg til: – Ambisjonen vår er å bli det føretrekte designselskapet for denne typen fartøy. Vi er takksame for tilliten som vert vist oss frå Vallianz, og vi ser på denne avtalen som ein viktig milepåle i strategien vår.
For å markere samarbeidet deltok representantar frå Vallianz, Ulstein, Shift og Bureau Veritas på ein signeringsseremoni på Ulstein sitt designkontor i Rotterdam, Nederland.
Hovuddimensjonane til fartøyet:
 
Ulstein Design & Solutions B.V.
ULSTEIN
                                 
Lengde over alt (LOA)   173.8 m            
Breidde (moulded) 42.0 m
Djupne 13.3 m
Dekksareal > 6,000 m2
Fri dekkslengde 145 m
Dekksstyrke 25 t/m2
Djupgang (design) 7.0 m
Innreiing 30 p
Breidde (moulded) 42.0 m
Djupne 13.3 m
Dekksareal > 6,000 m2
Fri dekkslengde 145 m
Dekksstyrke 25 t/m2
Djupgang (design) 7.0 m
Innreiing 30 p
Ulstein Design & Solutions B.V.
- Spesialiserer seg på design og utvikling av nyskapande skip for energimarknaden offshore, frå enkle til svært komplekse skip, der ein bidreg til å utvikle marknaden med berekraftige løysingar.
- I tillegg til design for nybygg, er Ulstein Design & Solutions aktivt involvert i rådgjeving og moglegheitsstudiar for oppgradering av fartøy.
ULSTEIN
- Eit familieeigd konsern med hovudkontor i Ulsteinvik.
- Ulstein leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden innan segment som havvind, ekspedisjonscruise og offshore olje og gass.
- I over 100 år har Ulstein vore assosiert med innovasjon og kvalitet innan design og levering, og møter dei krevjande maritime utfordringane ved å seie ja til endringar og identifiserer moglegheiter.
- Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard signerer kontrakt på en tredje CSOV05.05.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            DFO og Vard med kontrakt på OSCV04.04.2025
- 
                                                            Vard med kontrakt på fem fartøy21.11.2024
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Havyard signerer milliardavtale27.12.2023
- 
                                                            Vard bekrefter kontrakt18.12.2023
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            Vard skal designe og bygge to hybride CSOVs24.10.2023
- 
                                                            Purus Wind og Vard har valgt Brunvoll10.08.2023
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            Edda Wind bestiller ytterligere tre CSOVer02.02.2022
- 
                                                            Kontraherer stort hydrid servicefartøy21.12.2020
- 
                                                            Vard har signert kontrakt med Ocean Infinity23.11.2020
- 
                                                            Vard bygger havvind servicefartøy17.04.2020
- 
                                                            Aasen Shipping har bestilt to bulkskip07.06.2019
- 
                                                            Fergekontrakt til Vard Brevik10.01.2017
- 
                                                            Ombyggingskontrakt til Havyard30.09.2016
- 
                                                            Vard sikrer ny kontrakt18.08.2016
- 
                                                            Kontrakt til Havyard06.06.2016
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Vard sikrer nye kontrakter27.09.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Vard Søviknes08.06.2015
- 
                                                            Havyard bygger hybrid PSV15.04.2014
- 
                                                            Ny kontrakt til Vard Vung Tau11.02.2014
- 
                                                            Stor kontrakt til Vard30.12.2013
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
- 
                                                            Eidesvik kontraherer hos Kleven Maritime05.06.2012