Ulstein designar banebrytande tungløftsfartøy for Penta-Ocean Construction

Publisert: 27.01.2025
e265_-_bg0127000m_hdri_environment_-_installing_mp_4.jpg
Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Illustrasjon: Ulstein

Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Skipet er basert på ein versjon av designet ULSTEIN HX118 og vil ha ei 5 000-tonns kran frå Huisman og hekkforma ULSTEIN U-STERN™, som gjer det mogleg å installere dei stadig større monopålefundamenta.

Det var etter gjennomførte moglegheits- og konseptstudiar i 2023 at Penta-Ocean Construction valte Ulstein til dette prosjektet. Ulstein føreslo eit HX118-skip med U-STERN™, ei løysing som bygger på Ulstein si kompetanse innan kranfartøy. Dette skipet gir ein velbalansert kombinasjon av arbeidsdekk, løftekapasitet, innreiing og DP-kapasitet, og vil også bli det største X-BOW®-fartøyet til no.

UTVIKLA AV ULSTEIN 
og gjer at fartøyet kan posisjonere seg mot bølgene ved installasjonen, noko som minimerer skipets rørsler og drivstofforbruk.

Ulstein har sidan sist sommar samarbeidd med Penta-Ocean Construction om designet (basic design) av tungløftsfartøyet, inkludert eit omfattande modelltestprogram. Designet blir utvikla ved Ulstein sitt kontor i Rotterdam, med brei støtte frå engineeringsselskapet Ulstein Poland i designfasen.

SAMARBEIDER TETT 
– Vi er stolte over at Penta-Ocean Construction valde oss til å designe det nye tungløftsfartøyet sitt. Penta-Ocean Construction, Ulstein og Huisman samarbeider tett om å designe dette monopåle-installasjonsfartøyet, seier Ko Stroo, leiande designar ved Ulstein Design & Solutions B.V. 

- Etter kvart som prosjektet går framover med bygginga av skipet ved Seatrium-verftet i Singapore, kjem vi til å halde fram med å støtte partane gjennom konstruksjonsfasen.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler