Nyheter
Sel Fjord1 til konsortium av europeiske fond
Publisert: 31.10.2023
Havila Holding har vore inne på eigarsida i Fjord1 sidan 2011. Sidan då har Fjord1 vakse til å ha nesten halvparten av den norske ferjemarknaden med sine om lag 80 fartøy. Foto: Fjord1
Fjord1 HoldCo AS som er eigd 50-50 av Havila Holding og Vision Ridge Partners, sel Fjord1 til eit konsortium av dei europeiske fonda Dif Capital Partners og EDF Invest.
Vegard Sævik frå Havila Holding seier:
– Vi gjekk inn i Fjord1 med ein klar plan om å vere svært langsiktige eigarar. Ein del av det er også å vere ansvarlege eigarar, og det ansvaret har vi no tatt ved å velje og selje.
VIKTIG KONKURRANSEFAKTOR
Vegard Sævik forklarer avgjerda med at kapitalkostnad vil vere ein viktig konkurransefaktor framover.
– Der har vi som norske eigarar eit handikap. Vi ønsker å bli verande i Norge, og skal vi halde fram med å vere her, så kunne vi for Fjord1 si skuld ikkje tvihalde på eigarskapen. Den rette løysinga vart heller å sørge for nye eigarar som har tilgang på billegare kapital enn det vi har, og som dermed kan sikre Fjord1 konkurransekraft framover.
GJORT DEI NORSKE FJORDANE GRØNE
Havila Holding har vore inne på eigarsida i Fjord1 sidan 2011. Sidan då har Fjord1 vakse til å ha nesten halvparten av den norske ferjemarknaden med sine om lag 80 fartøy. Fjord1 har også over halvparten av batteriferjene i landet.
– Vi har fått vore med på ei rivande teknologisk utvikling med batteriferjer som har gjort dei norske fjordane grøne. Det var også ekstra gledeleg at vi vann kontrakten på autonome ferjer over Sognefjorden og ta steget inn i eit nytt kapittel for ferje-Norge.
UTVIKLA SELSKAPET OG KYSTEN
Arbeidet med utviklinga av Fjord1 har i tillegg vore med å bygge opp ein ny leverandørindustri langs kysten knytt til bygging av miljøvenlege batteriferjer.
– Vi er stolte over det vi har fått vere med på å bygge både i Fjord1 og langs kysten. Difor er det også med vemod at vi sel, men vi er sikre på at det er den beste løysinga for vidare utvikling av Fjord1.
Drifta av ferjene er knytt til kontraktar med staten og vil difor ikkje verte påverka av nye eigarar.
Rothschild & Co var finansielle rådgivarar for Havila Holding og Vision Ridge Partners i salsprosessen medan Ropes & Gray LLP og Schjødt var juridiske rådgivarar. Deutsche Bank, Cantor Fitzgerald, Jefferies, Wikborg Rein, Allen & Overy, Roland Berger, Arup og PWC var rådgivarar for DIF og EDF Invest.

Relaterte artikler
-
Det lysner i offshoremarkedet
08.02.2017 -
Investeringskutt fremfor hoderulling
04.02.2015 -
Rederiene vant første runde
26.06.2009 -
Inngåtte kontrakter må sikres finansiering
06.02.2009