Ulstein Power & Control med stor leveranse

Publisert: 23.02.2017
Ulstein Power & Control AS har signert kontrakt på levering av komplette system til yachten som skal byggast på Ulstein Verft.

Det kjem fram av ei pressemelding frå selskapet.

Leveransen til yachten inkluderer fleire komplette pakkar med system for automasjon, overvaking og kontroll (Ulstein IAS), kommunikasjon (Ulstein COM), integrert bruløysing (Ulstein Bridge), distribusjon og propulsjon av kraftsystem (Ulstein Power), dynamisk posisjonering og kraftkontrollsystem (Ulstein PMS).

– Det er svært gledeleg at vi har klart å hale i land ei så viktig kontrakt for fartøyet. Kontrakten vil sikre oss mykje godt arbeid. Det har vore tett konkurranse med mange store aktørar, og at vi får levere heile denne pakken viser at vi ikkje berre er konkurransedyktige på pris, men også ved at vi kan levere topp moderne system og løysingar som førebur skip på den digitale framtida. Dette synest sjølvsagt vi er veldig stas, seier Gunnar H. Hide, administrerande direktør i Ulstein Power & Control.

Kurt Vadset

Relaterte artikler