Normand Clipper (05/2005)
Normand Clipper (05/2005)
Publisert: 14.05.2005 | Oppdatert: 30.12.2024
27. mai ble «Normand Clipper» levert tilbake til rederiet Solstad Rederi AS, etter at den var ferdig ombygd til rørleggings- og konstruksjonsfartøy. Fartøyet gjekk rett i oppdrag på engelsk sektor.
«Normand Clipper» blei levert frå Ulstein Verft AS som bygg nr. 258 i oktober 2001. Konstruksjon var type VS 4125 CLV ved Vik-Sandvik AS, som også har hjelpt med nytt design under ombygginga. «Normand Clipper» var bygd som kabelleggingsfarty. Men det som såg ut som ein lovande marknad med legging av kabler blant anna til internettbruk, stoppa brått opp. - Ombygginga var like omfattande som ei nybygging av eit plattform forsyningsfartøy og vart gjort på fem månader. Dei første par månader gjorde ein småarbeid som fjerning av utstyr ombord, skjere vekk hangar og bygge seksjonar. I februar kom skipet på plass i tørrdokka, og arbeidet kunne ta til for fullt fortel prosjektleiar ved Ulstein Verft, Lidvar Lillerovde.
FLEIRE LUGARAR Skipet kunne tidlegare ha eit mannskap på 70. Til konstruksjonsoppdrag trengst det fleire folk. - Vi utvida overbygget bakover og sette inn ekstra lugarar, og i tillegg ROV-hangar, kontrollrom for ROV, kontor og konferanserom. No er det plass til eit mannskap på 102. Vi har også montert nye livbåtar og davitar, seier Lillerovde. Ein moonpool er installert i dekket for å senke ned utstyr for undersjøiske operasjonar. For slike oppdrag krevst eit dynamisk posisjoneringssystem (DP) som gjer at skipet held seg i ro ved alle sjø- og vêrforhold. Skipet hadde allereie eit DP2-system, som no er blitt oppgradert. Det er også sett inn nye manøverpultar i akterkant for komplett styring. Voyage Data Recorder (VDR) som får signal frå alt maskineriet ombord er installert på brua.
BREIARE SKIP Ulstein Verft har montert kransøyle for ei 250-tonns heavekompensert offshorekran og førebudd for krana på babord side. Eit nytt trafo- og tavlerom som sikrar straumtilførselen for krana er også installert. 25-tonnskrana som tidlegare stod på babord side er flytta over til styrbord side og er oppgradert til å gå ned til 500 meter. Skipet er auka 3,6 meter i breidda ved at det er sett på sidetankar på kvar side.
- Den auka breidda trengst for å romme plasskrevjande dekksutstyr, men er også med på å kompensere for den omfordelinga av tyngda som skjer når den største krana vert svinga ut for ripa. Mengda nytt stål i fartøyet er om lag 1300 tonn, seier Lillerovde. - Arbeidsdekket måtte styrkast for å tole full last med rør og utstyr: Vi halverte spanteavstanden og forsterka fleire dekk. Dekksstyrken har med dette auka frå 3 til 10 tonn pr kvadrat, fortel Lillerovde.
RETT I OPPDRAG Etter at fartøyet kom til Newcastle for oppdrag, ble det mobilisert for Technip Offshore. - Tre av oppdraga er på engelsk sektor og går ut på å legge ned umbilicals og fleksirør. Hovudprosjektet er å legge hovudumbilical frå Melkøya utanfor Hammerfest til Snøkvitfeltet, fortel kaptein Erling Sandviknes. Han forklarer at «umbicals» - navlestreng - er kablar som forsyner subseainstallasjoner med mellom anna hydraulikk, fiberoptikk og straum. Fleksirør for gass- og oljeflyt mellom botninstallasjonane. - I august er desse oppdraga avslutta og «Normand Clipper» får monterer 250-tonnskrana. Frå 1. november har vi ein 180-dagars kontrakt med australske Clough Ltd. for å leggje fleksirør-railar ved austkysten av India. Kontrakten inneheld ein opsjon til å forlenge avtalen i inntil fem år, samtidig som det blir arbeidd med andre moglege prosjekt etter den faste perioden, fortel Sandviknes.
MASKINERI «Normand Clipper» har dieselelektrisk framdriftsanlegg. Ved ombygginga er det installert to Framo anti-heeling pumper og kjølekompressor frå Teknotherm. ENWA har levert to omvendte osmoseanlegg.
DIVERSE På dekk er det montert to tuggervinsjar, som kvar er på 9 tonn. Vidare er det to nye livbåtar frå Eide Marine Tech AS og nye Viking redningsflåter frå Mare Safety.

HOVEDDATA | ||
Lengde o.a. | 125,50 m | |
Lengde p.p. | 112,93 m | |
Bredde | 27,00 m |
UTSTYRSLISTE | ||
Anti-heeling pumper: | Framo | |
Kjølekompressorar air-condition: | Teknotherm | |
Omvendt osmose: | 2 stk | ENWA |
Transformatorer: | ABB | |
Hovedtavler/bropulter: | Ulstein Elektro | |
Stålarb/rekkverk: | Stranda Verksted | |
Vinsjer: | 2x tuggervinsjer | Hydrakraft |
Stål: | Norsk Stål | |
Skyvedør: | Ims | |
Utv. dører/luker: | Libra Plast | |
Livbåter/daviter: | Eide Marine Tech | |
Redningsflåter: | Viking redningsflåter | Mare Safety |
Sandblåsing/maling: | Vest Sandblåsing | |
Paneler: | Norac | |
Isoleringsmatr.: | Coop Byggmix | |
Baderomsmoduler: | Norac Ringebu | |
Møbler: | Rovde Møbelfabrikk | |
Toalettsystem: | Jets Vacuum | |
Modell: | MarLog | |